Hopp til innhold
X
Innhald

Arnljot Gjelline

Arnljot Gjelline var ein krigar frå Jemtland som gjekk fremst i fylkinga til Olav Haraldsson i slaget på Stiklestad.

Arnljot Gjelline var ifølgje Snorre «ein fæl røvar og eit illmenne» frå Jemtland. Der vart han lyst fredlaus. Seinare slutta Arnljot seg til Olav den heilage og vende seg til Kristus. Olav sette han så fremst i fylkinga si på Stiklestad i 1030, føre merket sitt. Arnljot var ein av dei første som fall i slaget.

Arnljot Gjelline er framstilt i fleire moderne kulturelle verk. Bjørnstjerne Bjørnson har skrive eit helteepos om ham, Arnljot Gelline, tonesett av Marius Moaritz Ulfrstad og Thomas Beck. Han har òg hovudrolla i det musikalske skodespelet Arnljot, skrive av Wilhelm Peterson-Berger. I Spelet om heilag Olav er Arnljot likeins førande for utviklinga.

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019