Hopp til innhold
X
Innhald

Aslak Bolts jordebok

Aslak Bolts jordebok er ei oversikt over Nidaros erkesetes jordeigedom og inntektene frå det.

Aslak Bolts jordebok er skriven ned mellom 1432 og 1436, mest truleg 1432–1433. Jordeboka ber namn etter erkebiskop Aslak Bolt (1428–1450), som fekk skrive henne ned. Innføringane har så vorte utvida av seinare erkebiskopar, mest av erkebiskop Gaute (1475–1510). Manuskriptet vart utført på pergament og vart med då erkebiskop Olav Engelbrektsson flykta frå landet i 1536. Det fanst ei stund i Kristian II sitt arkiv i Nederland, der kongen var landflyktig, og så i Tyskland. I 1830 vart boka overført til Riksarkivet, og seinare er det gitt ut ei trykt utgåve.

Etter svartedauden og komande pestar var inntektene til kyrkja hardt ramma. Med færre folk svekte tienda seg, og dessutan stupte prisane på jord. Fleire kjøpte, færre leigde, og med mindre kamp om jorda gjekk leigeavgifta på jord, landskulda, ned. For å få inn stødige leigeinntekter måtte kyrkja difor avtale nye priser med bøndene. I den samanhengen utførte Bolt eit omhyggeleg arbeid på visitasreisene sine, med utgangspunkt i nitid gransking av kyrkjelege arkiv.

Jordeboka avgjorde leiga for 2 600 gardar og gardseiningar, over halvparten i Trøndelag. Både gamal og ny leige er oppført, og slik ser vi at det var ein kraftig nedgang i avgifta, men ho vart no gjord til ei fast avgift. Samtidig fekk Bolt innført nokre av dei gamle avgiftene bøndene betalte til kyrkja.

Bolts jordebok er ei av dei mest omfangsrike kjeldene vi har frå norsk seinmellomalder. I tillegg til å gi innsikt i kyrkjeleg og allmenn økonomisk historie viser innføringane oss sosiale skilnader i tida og gir oss kunnskap om mønster i busetjinga. Dei mange oppførte namna er elles viktige for å forstå historia til norske namn og stadnamn.

Kjelder

Aslak Bolts jordebok. Oslo 1997. https://www.nb.no/items/URN:NB... [lesedato 6. mai 2019]

Audun Dybdahl: Trøndelags historie, bd. 2: Fra pest til poteter: 1350 til 1850. Trondheim 2005

Jón Viðar Sigurðsson: Norsk historie 800–1536, bd. 1: Frå krigerske bønder til lydige undersåttar. Oslo 2011

Elisabeth Husaas Verløy: «’Undersøk i jordeboka om disse jordeiendommene. Noe har vi.’ – En studie av Aslak Bolts jordebok i et literacyperspektiv». Trondheim 2015

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019