Hopp til innhold
X
Innhald

Aslak (Harniktsson) Bolt

Aslak (Harniktsson) Bolt, død 1450, var biskop i Bergen 1408–28, og erkebiskop i Nidaros 1428–50.

Aslak Bolt var av adelsslekta Bolt frå Borgarsyssel. Far til Aslak, Harnikt Henningsson, var rådmann i Bergen, medan mora Sigrid truleg var dotter av Aslak Kolbeinsson og difor søskenbarn av riksråden Agmund Bolt. Gjennom far sin slekta Aslak òg på den norske adelsslekta Rømer.

Aslak Bolt vart òg vald til biskop i Oslo i 1407, men det er lite truleg at han tiltredde. Bergensbiskop Jacob Knutsson vart i staden flytta til Oslo, truleg etter ønske frå dronning Margrete, medan Bolt altså kom til Bergen. Fødselsåret er ukjent, men det at Bolt vart vald til biskop i 1407, tyder på at han var fødd iallfall ein mannsalder før. Mykje før 1370-åra kan det likevel ikkje ha vore, sidan han verka som erkebiskop til 1450.

Aslak Bolt leidde den norske kyrkja i ei tid for omdanning og attreising. Økonomisk leid kyrkjeorganisasjonen framleis av dei store inntektstapa etter svartedauden, med innskrenka tiender og dårlegare leigeinntekter på jord. Då domkyrkja i Nidaros brann i 1432, vart det endå viktigare å få oversikt over det økonomiske grunnlaget til kyrkja. Bolts omfattande arbeid med å ordne jordleiga sikra erkesetet stødigare inntekter dei komande tiåra. Desse vart nytta til å byggje opp att og utbetre domkyrkja.

Internasjonalt var Bolt si bispetid prega av eit forsøk på å omforme kyrkjeordninga. I tre lange overnasjonale kyrkjemøte på byrjinga av 1400-talet drøfta ein tiltak for å skape større kyrkjeleg einskap, ei retning seinare kjend som Konsilrørsla. Ei kampsak for fleire av utsendingane var å tilbakeføre makta som var overført til pavesetet i høgmellomalderen, og å styrkje dei nasjonale kyrkjene. Det siste møtet, konsilet i Basel 1432‒38, slo fast at slike fellesmøte skulle ha vedtaksrett over paven, og at nasjonale kyrkjer mellom anna difor skulle ha makt til å velje nye bispar. Bolt følgde opp denne politikken, som seinare vart avvist av paven, ved å vekkje opp dei gamle nasjonale kyrkjemøta.

På det første av desse møta, i Bergen 1435, valde møtet ny bergensk biskop. Valet utfordra paveleg overmakt, men òg kongemakta, som gjennom lang tid hadde kunna spele inn lojale menn som bispar. Kyrkjepolitikken til Bolt styrkte på den måten råderetten til den norske kyrkja, og linja vart programfesta på eit nytt møte i 1436, dei siste vedtektene for den norske mellomalderkyrkja. Kyrkja vart òg styrkt ved skjerpa domsrett og strengare straffer for prestar som braut kyrkjeretten.

Som erkebiskop sat Bolt i riksrådet, det norske statsorganet. Noreg var i union med Sverige og Danmark, men unionskongen Erik av Pommern hadde roke uklar med råda i dei tre rika, både fordi han hadde sett riksfinansane over styr, og fordi han hadde gitt sentrale embetsstillingar til utlendingar. I 1436 gjorde norsk adel opprør, under leiing av Aslak sin slektning Amund Sigurdsson, av slekta Bolt. Aslak var sentral i å få i stand ein avtale med opprørarane, der riksrådet lova å fremme krava om større norsk sjølvstende og øyremerking av norske stillingar. Avtalen dreiv riksrådet inn på ei meir gjenstridig line, og i 1442 sa dei opp truskapen til kong Erik. Bolt var førande politisk, og med han fekk erkebispen ei tydelegare leiarstilling i rådet.

Då Erik av Pommerns etterkomar Kristoffer døydde barnlaus, valde Sverige og Danmark kvar sin konge. Utan eigen klar tronkandidat måtte norske stormenn velje side, men makta ikkje å bli samde. Bolt høyrde til sida som støtta det svenske kongsemnet Karl Knutsson, og som på den måten prøvde å knyte Noreg til Sverige heller enn til Danmark. Det var likevel den andre sida som vann fram, og Bolt kjende seg tvinga til å støtte danske Kristian 1., som til gjengjeld utnemnde han til statthaldar. I ei siste vending gjorde Karl Knutsson innfall i Noreg og vart krona av Bolt, mot lovnader om å støtte kyrkjeleg sjølvstende vedteke i Sættargjerda i 1277. Karl Knutsson fekk likevel aldri full styring med Noreg militært, og han sa frå seg kravet på krona året etter. Same år døydde truleg Aslak Bolt.

Bolt hadde ei samling på 19 manuskript, som var stor etter dei økonomiske forholda. Mellom desse var ein vakkert illustrert bibel tilverka på 1200-talet, eit av få liturgiske skrifter frå norsk mellomalder som overlevde reformasjonen.

Kjelder

Audun Dybdahl: «Aslak Harniktsson Bolt», Norsk biografisk leksikon, publisert 2009, https://nbl.snl.no/Aslak_Harni... [lesedato 6. mai 2019]

Audun Dybdahl: Trøndelags historie, bd. 2: Fra pest til poteter: 1350 til 1850. Trondheim 2005

Magne Njåstad: Norvegr, bd. 2: 1400‒1840. Oslo 2011 Jón Viðar Sigurðsson: Norsk historie 800–1536, bd. 1: Frå krigerske bønder til lydige undersåttar. Oslo 2011

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019