Hopp til innhold
X
Innhald

Aud den djuptenkte

Aud den djuptenkte (norr. djupuðga) var ei islandsk landnåmskvinne. Ho er rekna som ei av dei som tok kristendomen til Island.

Aud den djuptenkte var dotter av Ketil Flatnev, ein norsk høvding som kan ha herska over Sudrøyane (Hebridane) ved midten av 800-talet. Aud vart gift med Olav Kvite, høvding over Dublinriket. Far hennar rauk uklar med Harald Hårfagre, og mykje av familien flykta då til Island. Aud drog frå Orknøyane til Island ca. 890 med stor slekt og anna følgje og tok land i Hvamsfjorden på Vest-Island. Her vart ho stammor til ei av Islands mektigaste ætter, som også den viktige historikaren Are Frode tilhøyrde. Ho hadde teke til seg kristendomen og er difor rekna som ei av dei som tok kristendomen til Island.

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019