Hopp til innhold
X
Innhald

Baglarar

Baglarar kjem frå latin baculus og norrønt bagall, som tyder bispestav.

Det var namnet på ein opprørsflokk som vart danna i 1196 og leia av oslobiskopen Nikolaus Arnesson for å styrte birkebeinarregimet til kong Sverre. Under Håkon Sverresson, 1202–04, kom det til forsoning mellom kyrkjeleiarane og sonen til kong Sverre, og riket vart samla att. Etter at kongen døydde, braut likevel borgarkrigen ut på nytt. Noreg vart delt i to rike med eit eige baglarkongedømme på Opplandene og i Viken. I 1208 godkjende partane territoria til kvarandre. I 1217 lukkast partane å forhandle seg fram til ei samling om det som skulle vere sonesonen til Sverre, Håkon Håkonsson. Bǫglunga sǫgur, Baglarsagaen, er ei motskrift til Sverres saga, som framstiller den urolige tida etter at Sverre døydde, i åra 1202–17 i baglarpartiperspektivet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.04.2017
Sist oppdatert: 04.04.2017