Hopp til innhold
X
Innhald

Baldisholteppet

Baldisholteppet er ein biletvev i romansk stil, med namn etter Baldishol kirke på Nes i Hedmark, der det vart funne i 1879.

Baldisholteppet er det einaste mellomalderteppet i gobelengteknikk som finst att i Noreg. Karbondatering viser at teppet er vove mellom 1040 og 1190. Teppet har både norske og kontinentale førebilete, mellom anna Bayeux-teppet frå Frankrike. Regionale trekk tyder på at teppet godt kan ha vore vove i Noreg.

Det finst berre to brotstykke av teppet att. Det eine skal truleg framstille april månad, ved å vise ein lang, skjeggete mann i kjortel ved eit tre med heimkomne trekkfuglar. Det andre viser ein riddar som rir over eit jorde, og skal truleg framstille mai. Over bileta er det romanske rundbogar med forvanska månadsnamn.

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019