Hopp til innhold
X
Innhald

Bergamtet

Bergamtet, også kalla overbergamtet, var frå 1654 det sentrale innanlandske styringsorgan for den norske bergverksnæringa.

Bergamtet vart organisert som eit kollegium, altså ei gruppe av kollegaer med formelt lik påverknad på vedtaka. Berghauptmannen var formann for dei åtte andre bergembetsmennene og hadde ansvar for å setje politikken i verk. Amtet ordna bergverksnæringa i Noreg og hadde domsrett i saker som omfatta bergverka.

Bergamtet hadde den første tida sete i Kristiania, men vart så flytta til Kongsberg i 1689. Same år vart Det Nordenfjeldske Bergamt oppretta, med sete i Trondheim. Dei var eigentleg likestilte, men «Det Søndenfjeldske» vart framleis kalla både bergamtet og attpåtil overbergamtet, som tyder på at det i røynda stod noko over det nordanfjelske. Bergretten i sør var elles delt i to, der overbergamtsretten var andre instans for underbergamtsretten.

Det sønnanfjelske bergamtet vart avskaffa i 1816 og bytt ut med styret for det gjenoppretta Kongsberg sølvverk. 

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019