Hopp til innhold
X
Innhald

Bergens kalvskinn

Bergens kalvskinn var ei jordebok (oversikt over geistleg jordeigedom og inntekter) for Bergen bispedømme.

Bergens kalvskinn vart truleg påbyrja av Audfinn av Bjørgvin mellom 1310 og 1320 og vart så fullført omkring midten av 1300-talet. Det er den eldste av dei meir utførlege oversiktene over jordeige i mellomalderen. Bergens kalvskinn er samansett av 40 handskrivne blad, utan sidetal, med ein manglande siste del.

Jordeigedomane til 137 kyrkjer er oppførte, men godset til dei fleste bykyrkjene og biskopen sitt eige gods er ikkje med. Jordeboka er ei viktig kjelde til kyrkjeleg historie og seinmellomalderens sosiale og økonomiske historie. Dessutan gir ho oss uvurderleg kunnskap om busetjing og historia til stadnamn i området.

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019