Hopp til innhold
X
Innhald

Bergens kopibok

Bergens kopibok (registrum) er namnet på ei oversikt over innkomne og utgåtte brev ved bispesetet i Bergen. Boka vart påbegynt i 1305.

Det var biskop Arne som begynte å føre Bergens kopibok. Innføringane er samanhengande fram til og med då biskop Håkon Erlingsson døydde i 1342. Etter dette finst det meir tilfeldige oppføringar. Boka syner korleis utanlandske prinsipp for bokføring av korrespondanse gjorde seg gjeldande også i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019