Hopp til innhold
X
Innhald

Bergljot

Bergljot var etter det Snorre skriv, dotter av Håkon Ladejarl og gift med Einar Tambarskjelve.

Då Harald Hardråde i 1055 lét mannen og sonen hennar verte myrda i kongsgarden i Nidaros, reiste ho ein oppstand, men kongen slapp unna. Forteljinga til Snorre er grunnlaget for Bjørnstjerne Bjørnsons dikt "Bergljot".

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.04.2017
Sist oppdatert: 04.04.2017