Hopp til innhold
X
Innhald

Bernt Anker

Bernt Anker, 1746–1805, var forretningsmann, kammerherre og konferensråd.

Bernt Anker var son av justisråden og kjøpmannen Christian Anker og bror av jernverkseigaren, eidsvollsmannen og statsministeren Peder Anker. Han var gift med Mathia Collett, dotter av kjøpmannen Peter Collett. 

Bernt Anker dreiv som stor skogeigar ein stor trelasthandel, særleg med England, han var skipsreiar og bergverkseigar, i si tid Noregs rikaste mann. I 1804 er formuen rekna til kring 1,5 millionar riksdalar. Han fekk ikkje barn og testamenterte difor bort formuen til opprettinga av eit fideikomiss, som delvis skulle nyttast til å understøtte dei fattige i byen. Han vart adla i 1778 og i 1803 gjord til riddar av Dannebrogsordenen.

På 1700-talet gjorde ei gruppe kjøpmenn seg svært rike på handel med trelast i Kristiania. Pengane vart omsette i ei sterk sosial stilling. Bernt Anker førte an, og han lånte mellom anna store summar til danske embetsmenn. Difor kunne han òg kritisere dei, om han fann det for godt. Anker vart ein av dei sterkaste pådrivarane for eit eige norsk universitet og ein eigen norsk bank, både gjennom offentleg debatt og økonomisk støtte. Han var såleis ein forsiktig kritikar av den dansk-norske heilstatspolitikken, noko som òg kjem til uttrykk i Robert Malthus si reiseskildring frå 1799. Samtidig støtta han utvendig lojalt opp om kongehuset, særleg ved å skipe til mottakinga då kronprinsen vitja Noreg i 1788.

Bernt Anker var svært interessert i kunst og vitskap og fekk mykje å seie som mesén, mellom anna som grunnleggjaren av Det dramatiske Selskab i 1780. Selskapet sette opp dei første teaterframsyningane i landet. Anker budde på Paleet i Kristiania og heldt store festar der eliten kom saman. Slik heldt han både næringslivet og selskapslivet i byen i taumane. Då søknaden om eit eige universitet vart avvist i København i 1795, fekk han i staden halde førelesingar i Paleet, der han sjølv tala om filosofiske emne. Paleet vart seinare nytta som bustad for kongen, men det brann ned i 1942.

Kjelder

Bård Frydenlund: Stormannen Peder Anker: en biografi. Oslo 2009

Per Holck: Bernt Anker: samtid, liv og forfatterskap. Oslo 2005 Odd Arvid Storsveen: «Bernt Anker», Norsk biografisk leksikon, publisert 2009, https://nbl.snl.no/Bernt_Anker  [lesedato 6. mai 2019]

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019