Birk var i eldre dansk rettsspråk og nokon stader i Noreg og Sverige namnet på eit avgrensa jurisdiksjonsdistrikt, til dømes ein by eller ein handelsplass, med eigne rettsreglar.

«Birk» var i dansk rettsspråk omgrepet for ein rettskrins som låg utanfor den vanlege rettsadministrasjonen. I Danmark fekk adelen ofte birkerett, og kunne dermed ta saker bort frå dei vanlege domstolane og leggje dei inn under ein birkedommar som var tilsette av birkepatronen. Domsrett over bøndene som leigde jord av adelen var ein del av særrettane til den danske adelen, referert til som deira hals- og handsrett. Slik strafferettsleg makt var eit allment europeisk mønster og vart tildelt også norsk adel i 1646.

Med eineveldet oppretta kongen ein klasse av høgadel, med arvelege titlar som baron og greve, som fekk store privilegium, mellom dei gjerne birk. Slike vart delte ut også i Noreg, der det vart oppretta tre birkerettar: ved grevskapa Laurvigen (1671) og Griffenfeldt/Jarlsberg (1673–1684) og ved baroniet Rosendal (1678). Birket fall bort med adelslova i 1821, som på sikt avskaffa adelen i Noreg.

Bjarkøyretten har truleg fått namn frå ordet birk, men dette er usikkert.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg