Hopp til innhold
X
Innhald

Birkebeinar

Birkebeinar (norr. birkibeinar) var opphavleg ei nedsetjande nemning på medlemer av opprørsflokken Øystein Møyla reiste mot Magnus Erlingsson i 1174. 

Namnet birkebeinar kom av «birk», bork som gruppa batt om leggene då dei måtte flykte til skogs under Møyla. Etter at Møyla fall i slaget på Re i 1177, vart Sverre leiar for birkebeinarane, og sidan vart birkebeinarar brukt som fellesnemning på partiet til Sverre og hans ætlingar under borgarkrigane. Birkebeinarane førte under Sverre ein vellukka geriljakrig, med fleire heldige overraskingsåtak, som etter kvart gav dei ei sterk stilling. Allereie i 1777 vart Sverre hylla på Øyratinget.

Den første store sigeren i birkebeinarane sin kamp mot kong Magnus var slaget på Kalvskinnet, ved Nidaros i 1179. Her fall far til kong Magnus, Erling Skakke, som hadde styrt rika medan kongen var umyndig. Året etter la birkebeinarane under seg heile Trøndelag. Likevel hadde Magnus stor oppslutning i vest og i aust i fleire år, og han hadde ein sterk støttespelar i danskekongen. Eit endeleg slag stod ved Fimreite 1184. Der fall Magnus og mektige menn med han, som Orm Ivarsson, kongen sin fremste mann. Mange lendmenn, førande hirdmenn, fall òg. I deira stad sette Sverre trufaste birkebeinarar.

Fleire flokkar, med sterkast støtte på Austlandet, reiste seg etter dette mot birkebeinarstyret, som kuvlungane, vårbelgane og øyskjeggane. Frå 1196 var den alvorlegaste trusselen mot Sverre og birkebeinarane dei såkalla baglarane. Namnet hadde dei frå bagall, bispestav, og dei vart først militært leidde av biskop Niklas Arnesson, halvbror av Orm Ivarsson. Erkebiskopen og andre bispar støtta òg baglarane, likeins danskekongen. Dei vann tidleg fram i Vika, og frå då var Noreg delt i to. Baglarane gjorde så innfall både i Nidaros og i Bergen, men vart drivne meir tilbake frå 1199.

Likevel stod baglarane framleis sterkt på Austlandet og Nord-Vestlandet, under kong Inge Magnusson. Støtta frå den nye mektige danskekongen Valdemar Siger styrkte dei ytterlegare. Då Sverres son Håkon døydde i 1204, blussa opprøret opp på ny. I 1206 overfall baglarane Nidaros og drap mange stormenn. Den nye birkebeinarkongen Inge Bårdsson kom seg så vidt unna. På grunn av den hendinga, som vart kalla blodbryllaupet i Nidaros, førte birkebeinarane eit straffetokt mot baglarane i Bergen. Trass i langt færre styrkar vann dei, og det snudde lukka. Året etter makta baglarane ikkje å forsvare hovudstaden sin i Tønsberg.

Håkon Sverresson hadde forlikt seg med kyrkja og dessutan makta å halde birkebeinarane saman, då far hans døydde. Etter han oppstod det splid om kven som skulle arve makta. Inges halvbror jarl Sverre Galen leidde ein sterk fraksjon, knytt til Håkons enkedronning Margrete. Det gjorde birkebeinarane utsette, men splitting oppstod samtidig hos baglarane, der Nikolas Arnesson førte fram nevøen Filippus som kongsemne mot Erling Steinvegg. Indre motsetningar låg dermed under kampane mellom birkebeinarane og baglarane.

I 1207 vart Filippus så baglarkonge. Året etter vart det halde forliksmøte mellom han og Inge Bårdsson på Kvitsøy. Birkebeinarane hadde møtt mannsterk fram, og Filippus gjekk med på å seie frå seg kongsnamnet og styre Austlandet vidare med Inge som overkonge. Etterpå hevda Filippus seg tvinga til å gå med på forliket, då birkebeinarleiaren Dagfinn Bonde etter avtalen ville inndra kongsseglet hans. Fram til 1217 var landet difor framleis delt i to rike, eit baglardominert Sør- og Aust-Noreg og eit birkebeinarrike vestanfjells og nordanfjells.

I 1217 døydde både kong Inge og Filippus. Birkebeinarane og baglarane slutta då fred. Som ny konge valde dei Håkon Håkonsson, som skulle vere frilleson av Håkon Sverresson. Som liten gut hadde han etter soga vorte frakta på ski i ei eventyrleg ferd frå Østfold til Nidaros, av birkebeinarane Torstein Skevla og Skjervald Skrukka. Opprøret på Austlandet vart i nokon grad ført vidare av ribbungane, men så endeleg knust i 1227. Eit siste opprør vart gjennomført av Skule Bårdsson, Inges halvbror, 1239‒40. Etter han oppstod ein norsk stordomsperiode under Sverres soneson Håkon.

Birkebeinarane si historie er best kjend frå Sverresoga, ei uvurderleg samtidig historieskildring, men samtidig eit gjennomført propagandaskrift for kong Sverre. Birkebeinarane er her framsette som Olav den heilages arvtakarar. I den mindre kjente Baglarsoga har dei ei meir utsett stilling, der den indre spliden etter 1204 kjem tydeleg til uttrykk. Særleg ferda til den unge Håkon Håkonsson har danna grunnlag for seinare populærkultur, og moderne ski- og sykkelritt som følgjer løypa, har fått namn etter birkebeinarane.

Kjelder

Claus Krag: Sverre: Norges største middelalderkonge. Oslo 2005

Hans Jacob Orning: Norvegr, bd. 1: Frem til 1400. Oslo 2011

Jón Viðar Sigurðsson: Norsk historie 800–1536, bd. 1: Frå krigerske bønder til lydige undersåttar. Oslo 2011

Sverresoga. Oslo 1995

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 07.11.2019