Hopp til innhold
Oljemåleri av Olaf Isaachsen (1835–93): «Tore Hund ved Olav den helliges lik» (1881). Kjelde: Nasjonalmuseet. Inventarnr.: NG.M.00446c. CC BY-NC 4.0.
Oljemåleri av Olaf Isaachsen (1835–93): «Tore Hund ved Olav den helliges lik» (1881). Kjelde: Nasjonalmuseet. Inventarnr.: NG.M.00446c. CC BY-NC 4.0.
X
Innhald

Bjarkøyætta

Bjarkøyætta var den mektigaste nordnorske slekta i vikingtida, etter kvart med store gods lenger sør. Då kongeslekta i Noreg døydde ut, vart Erling Vidkunsson av Bjarkøy norsk riksstyrar.

Bjarkøyætta var ei stormannsætt i mellomalderen, opphavleg frå Bjarkøya i Hålogaland. Her er det funne ringtun frå år 200, det nordlegaste tunanlegget i verda. Bjarkøy var kjernen i handelen nordover. Namnet stammar frå den svenske byen Birka, som hadde vorte einstydande med «handelsstad». Den tidlegaste og mest kjende medlemen av Bjarkøyætta er Tore Hund, som levde på byrjinga av 1000-talet. Bror hans, Sigurd, var då hovding på Trondenes. Tore har ei viktig rolle hos Snorre, men det vert ikkje nemnt kven han gifta seg med. Han kan difor ha gifta seg til Bjarkøy.

Tore Hund var med og leidde opprøret mot kong Olav Haraldsson, som truga makta hans og retten til handelen nordover. Søster til Tore, Sigrid, var først gift med hovdingen Olve Grjotgardson på Egge. Då kong Olav fekk Olve drepen, fekk han Sigrid gifta bort til Kalv Arnesson frå Giskeætta på Sunnmøre. Sigrid snudde derimot Kalv mot kongen, då Olav drap to av sønene til Sigrid og Olve: Tore og Grjotgard. Frå då av vaks opprøret i styrke. Ifølgje Snorre var det Tore Hund som tok livet av den seinare helgenkongen på Stiklestad, og den første som såg teikn på heilagdomen hans, men til det finst det inga anna kjelde enn Snorre.

Sigurd, son til Tore, var lendmann under Harald Hardråde, men slekta ser ut til å ha døydd ut på mannssida med han. På kvinnesida levde Bjarkøyætta derimot vidare utover i høgmellomalderen. Sigurd fekk dottera Ragnhild, som vart gift med Jon Arnesson på Giske. Dei fekk sonen Vidkun, som følgde Magnus Berrføtt til Irland og seinare oppfostra Magnus, son til Sigurd Jorsalfare. Søster til Vidkun, Ragna, var gift med Bjarne Mårdsson, lagmann i Hålogaland. Soneson til Bjarne, lendmannen Erling Ivarsson, er nemnd som deltakar i Håkon Håkonssons hærfølgje til Skottland i 1263.

Bjarkøyætta gifta seg strategisk inn i norske adelsslekter og i islandske hovdingætter. Son til Erling Ivarsson, baron Bjarne Erlingsson (død 1313), vart gift med Margreta Nikolasdotter frå Giske og fekk då hand om både Bjarkøygodset og Giskegodset, i tillegg til Dønnesgodset på Helgeland. Bjarne Elingsson sat i riksrådet, slik broren Vidkun (død 1302) òg gjorde, og han var del av formyndarstyret under Eirik Magnusson.

Son til Vidkun, riddaren Erling Vidkunsson (1292–1355) var den rikaste mannen i Noreg. Han arva Stovreimgodset frå faren og Bjarkøy-Giske-godset frå farbroren. Gjennom giftarmål med Elin Toresdotter, dotter av kanslar Tore Håkonsson, fekk han store eigedomar òg på Austlandet. Som drottsete, leiar av riksrådet, var Erling Vidkunsson òg den mektigaste mannen i Noreg, i tida då riksrådet styrte landet, frå 1323–1332, medan Magnus Eriksson var umyndig. Ei stund kan han òg ha verka som kanslar. Då kongen stramma inn sentralstyringa, var Erling mellom leiarane av to adelsopprør i 1330-åra, men vart likevel seinare sysselmann på Sunnmøre.

Giskeætta døydde ut med Erling Vidkunsson. Utan mannleg ætling gjekk Bjarkøy- og Giskegodsa vidare til Sudrheimsætta og Sigurd Havtoreson, soneson til kong Håkon Magnusson, gjennom ekteskapet hans med Ingeborg, dotter til Erling.

Bjarkøyætta hadde bilete av ein griff på våpenskjoldet. Våpenskjoldet vart seinare fylkesvåpen for Troms.

 

Kjelder

Håvard Dahl Bratrein: Høvding, jarl, konge. Nord-Norges politiske historie i vikingtid, ei annerledes fortelling. Stamsund 2018

Eirin Holberg og Merete Røskaft: Håløygriket. Før 1600, bd. 1 av Nordlands historie. Bergen 2015

Finn Hødnebø, Hallvard Magerøy og Snorre Sturlason: Snorres kongesoger, omsett av Hallvard Magerøy og Steinar Schjøtt. Oslo 1993

 

Peikarar

Heimskringla: «Soga um Olav den heilage», heimskringla.no

Heimskringla: «Ågrip», heimskringla.no

Først publisert: 29.09.2020
Sist oppdatert: 30.09.2020