Hopp til innhold
X
Innhald

Bjarne Erlingsson

Bjarne Erlingsson, 1250–1313, sameina dei to store godskompleksa Bjarkøy og Giske og vart rekna for å vere den rikaste og viktigaste mannen i Noreg

I 1273 vart han for første gong nemnd som lendmann og baron. Erlingsson var mellom dei leiande mennene i formyndarkrinsen rundt Eirik Magnusson fra 1280, deretter framståande medlem av kongsrådet, også under etterfølgjaren Håkon 5. Magnusson. Han vart mykje brukt til diplomatiske sendeferder.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.04.2017
Sist oppdatert: 04.04.2017