Hopp til innhold
X
Innhald

Bjarne Herjolvsson

Bjarne Herjolvsson var ein islandsk handelsmann og oppdagar.

Bjarne Herjolvsson (islandsk Bjarni Herjólfsson) dreiv ifølgje Grønlendingsoga ut av kurs på ei reise til Grønland, truleg i år 985 eller 986. To gonger på reisa fekk han auge på eit skogkledd land. Etter Bjarne Herjolvssons tilvisingar fann Leiv Eiriksson seinare Vinland.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019