Hopp til innhold
X
Innhald

Bygsel

Bygsel var frå 1500-talet nemninga som var vanleg å bruke om både leige og utleige av landbruksjord.

Bygsel-avgiftene var betaling eller avgifter som vart betalte i tillegg til landskuld for leige av landbruksjord. Var det fleire eigarar til eit gardsbruk, var det den som åtte mest, som "rådde for bygsla", altså avgjorde kven som skulle få leige garden. I nyare tid er omgrepet bygsel òg brukt i tydinga tomtefeste, bygsla tomt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.04.2017
Sist oppdatert: 04.04.2017