Hopp til innhold

Den demografiske overgangen

Frå 1801 til 1875 vart den norske folkemengda dobla. Dette vert kalla «den demografiske overgangen».

Eit grunnleggjande utgangspunkt i nyare norsk historie er auken i folketalet på 1800-talet. Ja, ikkje berre sjølve auken, men det eksplosive ved han, særleg tidleg i hundreåret.

Den største auken kom frå 1814 til midten av hundreåret. Rundt 1900 flata vekstkurva ut. I 1865 var folketalet 1,7 millionar, i 1890 2 millionar, og i 1900 høyrde 2,25 millionar menneske heime i Noreg.

Fleire folk og færre ungar

Skilnaden mellom fødde og døde var i første omgang utslagsgivande for folkeauken. Ein annan viktig faktor var den underliggjande fertiliteten (fruktbarheita). Rundt 1860 var det framleis høg fertilitet i Noreg.

Frå midten av 1700-talet byrja dødstala i gjennomsnittsår å gå ned, men demografiske kriseår (år med fleire døde enn fødde) motverka veksten. 1790-åra var meir stabile og viser tydeleg det nye mønsteret, men utviklinga vart stogga av nøda under napoleonskrigane. Det at fleire vart fødde og færre døydde tidleg på 1800-talet førte til den sterke folkeauken seinare det same hundreåret. Den gamle jamvekta mellom døde og fødde vart broten, og befolkninga stanga mot eit ressurstak. Dermed vart det viktig å halde fødselstalet i sjakk. Fertilitetsfallet rundt 1900 er eit avgjerande ledd i det som vert kalla «den demografiske overgangen». Omgrepet uttrykkjer overgangen frå høge dødstal og høg fruktbarheit til det motsette: låge dødstal og låg fruktbarheit.

Den store auken i folketalet er med på å forklare flyttinga frå bygdene til byane, utvandringa til Amerika og endringa frå bondesamfunn til ein moderne marknadsøkonomi.

Først gjekk mortaliteten (dødelegheita) ned, medan fallet i fruktbarheit skjedde mykje seinare. Sett i eit langtidsperspektiv er det likevel ein klar samanheng mellom dei to fenomena.

Færre døyr

På slutten av 1700- og byrjinga av 1800-talet var det fleire år med hungersnød. I byrjinga av 1800-talet var det godt fiske, betre avlingar, potetdyrkinga spreidde om seg, det vart bygd opp kornmagasin, og det var meir handel med matvarer.

Samstundes som næringsmiddel var lettare tilgjengeleg, var det færre epidemiar på 1800-talet enn i hundreåra før. Årsaka er meir bruk av vaksinar, vedvarande fred og betre tilgang på jordmødrer. Det siste førte òg til at færre døydde i barsel.

Kvifor vart det fødd færre?

Den teknologiske utviklinga førte til at bustadene mange stader vart annleis enn før. Heimane fekk nye funksjonar. Det førte mellom anna til at barnerolla endra karakter. Av ei rad grunnar var ikkje dei store barneflokkane lenger nødvendige eller rasjonelle. For det første trongst det ikkje lenger eit stort barnekull for at foreldreparet skulle verte reprodusert. Og for det andre minka behovet for barnearbeid. Ungar budde derfor lenger heime, noko som gjorde det dyrare å ha fleire barn. Vanlege folk byrja derfor med familieplanlegging mot slutten av hundreåret, mellom anna gjennom prevensjon, som vart noko meir tilgjengeleg.

Fertilitetsfallet slo sterkast ut i meir urbane miljø. Fallet skjedde langt meir langsamt på bygdene. Frå rundt 1900 var likevel fertilitetsfallet eit landsomfattande trekk og er alt i alt ein viktig innfallsvinkel til nyare norsk historie.

Kjelder

Kjeldeliste til Norsk historie, bd. 5: Norsk historie 1860–1914


Artikkelen er henta frå Jostein Nerbøvik: Norsk historie, bd. 5: Norsk historie 1860–1914. Eit bondesamfunn i oppbrot. Det Norske Samlaget 1999

Redigert av redaksjonen i Allkunne og publisert digitalt etter avtale med Det Norske Samlaget og Ellen Kristvik 2017

Først publisert: 10.09.2018
Sist oppdatert: 12.09.2018