Slaget ved Narva

I november 1700 vart russarane slått i slaget ved Narva.

Av .
«Narva», oljemåleri
Motivet i oljemåleriet «Narva» (1905) førestiller den svenske sigeren over den russiske hæren i slaget ved Narva i dagens Estland.
Av /Nationalmuseum (Nasjonalmuseet i Sverige).
Lisens: CC BY SA 4.0
Russisk fane med erkeengelen Mikael
Russisk fane svenskane tok under slaget ved Narva 20. november 1700. Motivet er erkeengelen Mikael flankert av to medaljongar med Jesus og Maria på kvar si side.
Av /Armémuseum.
Lisens: CC BY 4.0

Den store nordiske krigen var ein nordeuropeisk storkrig mellom 1700 og 1721, som vart utkjempa mellom Danmark-Norge, SachsenPolen, Russland, Preussen og Hannover på den eine sida, og Sverige under Karl 12 på den andre.

Resultatet av krigen var at Sverige vart detronisert som europeisk stormakt, fortrengt av Russland. Krigen er den lengste krigen Noreg har vore med i, og var òg den dødelegaste, men ut av krigen kom ein varig fred i Norden.

Utbrot

Krigen braut ut i 1700, då danskekongen, den russiske tsaren og den polsk-litauiske riksstyraren gjekk til angrep på Sverige samtidig. Håpet var å svekke det svensk riket under den unge kong Karl 12., men svenskekongen viste seg å vere ein svært dyktig strateg. Danmark-Noreg vart straks nedkjempa og måtte slutte fred same året. Russland og Polen vart slått tilbake.

Slaget ved Narva

Den svenske hæren si overmakt kom til syne då ein fire gonger så stor russisk hær vart slått tilbake i slaget ved Narva i november 1700. I staden kom Karl 12. på offensiven og leidde eit felttog austover, djupt inn i Russland. Her møtte han derimot ein uovervinneleg fiende, den russiske vinteren.

Slaget ved Poltava

Karl 12. hadde håpt å utradere den russiske hæren, men to tredjedelar av hans eigen armé døydde av frost og svolt. I 1709 kringsette svenskane likevel Poltava i Ukraina. No greidde dei derimot ikkje å stå imot ein overlegen og meir moderne russisk hær. Store delar av dei svenske styrkane vart tekne til fange, og Karl 12. flykta til Det ottomanske riket, der han prøvde å få i stand ein ny allianse. Der var han i fem år, medan russarane erobra svenske område ved Austersjøen. Danmark-Noreg gjekk samtidig inn i krigen igjen, i 1709.

Slaget ved Poltava
I slaget ved Poltava i Ukraina i 1709 vart Karl 12. slått av den russiske tsaren Peter den store. På måleriet frå 1726 er den russiske tsaren i midten på ein brun hest.
Av .

Karl 12. angrip Noreg

Stemninga for fred var no sterk i Sverige, men Karl 12. prøvde å halde fast på ein sterk internasjonal posisjon. I staden gjekk han difor til åtak på Noreg i 1716 og inntok Kristiania, men greidde ikkje å halde på stillinga. Ført an av Peter Wessel Tordenskjold kutta den dansk-norske flåten forsyningslinjene under felttoget.

Fred

Til gjengjeld slutta svenskane våpenkvile med russarane og våga difor ein ny invasjon i Noreg i 1718. Men Karl 12. vart skoten ved Fredsrikshald festning, og svenskane trekte seg på ny tilbake. Sverige stod sterkt svekt tilbake etter fredsslutninga med Danmark-Noreg i 1720. Nordmennene hadde lidd mykje, i omfattande soldatutskrivingar, høge skattar og uhorvelege dødstal. No vart det derimot nordisk fred i lang tid.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Generalstaben (1900–1934): Bidrag til den store nordiske krigs historie, i 10 band. København: Gyldendalske Boghandel.
  • Bjørgo, Narve, Rian, Øystein og Kaartvedt, Alf (1995): Selvstendighet og union. Fra middelalderen til 1905, bd. 1 av Norsk utenrikspolitikks historie. Oslo: Universitetsforlaget. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Dyrvik, Ståle (1998): Truede tvillingriker 1648–1720, bd. III av Danmark-Norge 1380–1814. Oslo: Universitetsforlaget. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Ersland, Geir Atle og Holm, Terje H. (2000): Krigsmakt og kongemakt 900–1814, bd. 1 av Norsk forsvarshistorie. Bergen: Eide Forlag. Les hos Nasjonalbiblioteket

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg