Hopp til innhold
X
Innhald

Eidsivatinget

Eidsivatinget var eit felles representasjonsting for Opplanda med sesjonsstad på Eidsvoll med førkriste opphav.

Eidsivatinget hadde si eiga lov, og dei eldste restane av lovboka som er tekne vare på, kan daterast til slutten av 1000-talet. Frå slutten av 1200-talet vart Eidsivatinget gradvis fortrengt til fordel for lagmannsdomstolane i Oslo og Hamar. Eidsivatingslova er mellom anna trykt i Norges gamle love. Eidsivating lagdømme omfattar frå 1995 Hedmark, Oppland og domssogna Eidsvoll, Nes og Nedre Romerike i Akershus fylke.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.04.2017
Sist oppdatert: 04.04.2017