Hopp til innhold
X
Innhald

Eirik Raude

Eirik Raude, Eiríkr Þorvaldsson hinn rauði, vart fødd ca. 950.

Han måtte forlate Noreg og seinare Island på grunn av drap. Eirik Raude oppdaga Grønland i 985. Islandske innvandrarar tok land på Vest-Grønland i området som seinare vart kalla Austerbygd. Sjølv slo han seg ned på Brattalid i Eiriksfjord. Eiríks saga rauða handlar òg om Leiv Eirikssons ferd til Vinland med meir.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.04.2017
Sist oppdatert: 04.04.2017