Hopp til innhold
X
Innhald

Erling Skakke

Erling Skakke, ca. 1115 eller 1120–79, kom frå lendmannsætt i Etne i Sunnhordland og var jarl.

Han gifte seg med dotter til Sigurd Jorsalfar, Kristina. Skakke var med i korstog i 1153 og bar hovudet på skakke etter eit hogg i halsen. Han vart lendmann hos kongsemnet Inge Krokrygg og var leiande i kampen mot Harald Gilles andre søner. Etter Inges død i 1161 fekk han i strid med tronfølgjelova vald sonen Magnus til konge med støtte frå kyrkja etter store vedgåingar. Det førte til ein strid med ulike kongsemne, især Sverre, som varte ved. Erling Skakke fall i slaget på Kalvskinnet ved Nidaros i 1179.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.04.2017
Sist oppdatert: 04.04.2017