Hopp til innhold
X
Innhald

Feste

Feste vil seie å inngå ein forpliktande avtale, særleg brukt ved ekteskapsavtaler, jamfør festarmål, og ved leige av jord, som bygselavtalar. Festebrev var ein kontrakt som regulerte tilhøvet mellom eigaren og leigaren av fast eigedom. Festesetlar var namnet på vanlege kontraktar. Festepengar var handpengar som vart betalte på forskot som stadfesting på ein avtale.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.04.2017
Sist oppdatert: 04.04.2017