Hopp til innhold
X
Innhald

Finnmarkshandelen

Finnmarkshandelen frå 1680 til 1789 på Finnmark var eit statleg monopol.

 Fram til 1714 vart Finnmark forpakta bort til kjøpmennene i Bergen mot ei årleg avgift. Fiskarane vart bundne til kjøpmennene, som var pliktige til å skaffe nødvendige varer og utstyr. I åra 1729–89 var Finnmark overdrege til eit handelskompani i København. Etterpå vart handelen frigitt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.04.2017
Sist oppdatert: 04.04.2017