Hopp til innhold
X
Innhald

Frants Berg

Frants Berg, ca. 1500–91, var ein norsk-dansk teolog som bygde opp katedralskulen i Oslo.

Frants Berg var superintendent (biskop) i Oslo og Hamar stift i tida 1548–80. Han fekk ei viktig oppgåve med å lære opp eit nytt norsk luthersk presteskap etter reformasjonen, etter at det gamle katolske presteskapet først hadde halde fram. Han bygde opp katedralskulen i Oslo og fekk auka talet på dei som følgde undervisninga, ved å leggje til rette for offentleg støtte for fattige elevar. Humanismen fann her innpass og slo etter kvart ut i full blom, med Bergs etterkomar og svigerson Jens Nilssøn som ein av dei fremste merkesmennene. Berg fekk òg oppretta den første bokhandelen i Oslo.

Bispetida til Berg var elles merkt av den nordiske sjuårskrigen (1563‒70), der domkyrkjene i både Hamar og Oslo vart brende til grunnen.

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019