Hopp til innhold
Illustrasjon til «Olav den Helliges Saga» i Snorres Sturlason kongesoger (1899). Illustrasjonen viser lagmannen Torgny som snakkar i mot den svenske kongen på Uppsalatinget. Teikna av Christian Krohg. Kredit: Nasjonalmuseet CC BY-NC 4.0.
Illustrasjon til «Olav den Helliges Saga» i Snorres Sturlason kongesoger (1899). Illustrasjonen viser lagmannen Torgny som snakkar i mot den svenske kongen på Uppsalatinget. Teikna av Christian Krohg. Kredit: Nasjonalmuseet CC BY-NC 4.0.
X
Innhald

Frostatingslova

Frostatingslova er det gamle lovverket for Trøndelag og tilstøytande område, nedskrive frå 1050 til 1200, med munnleg overlevering før det. Lova vart avløyst av Magnus Lagabøtes landslov i 1274.

Frostatingslova er namnet på ei samling rettsreglar som galdt for områda som hadde lagtingsstad på Frosta. Det opphavlege området var trøndelagsfylka. Seinare kom Namdalen, Nordmøre, Romsdal og Hålogaland med, ei tid òg Sunnmøre. Frostatinget var eit av fire viktige lagting i Noreg. Tingstaden har truleg røter tilbake til 400-talet. På tingsamlingane vart rettstvistar avgjorde. Desse avgjerdene vart så ståande som sedvane. Heller enn vedtekne normer er rettsreglane i Frostatingslova såleis rettsavgjerder, som så har vorte allmenngjorde.

 

Frå kring år 1000–1200 vart rettsreglane skrivne ned. Under Håkon den gode (ca. 933–961) skal Frostatingslova ha vorte «sett», ifølgje Snorre. Ei eldre utgåve av lova har truleg vorte nedskriven før 1100, kanskje så tidleg som under Magnus den gode (1035–1047). Si endelege form fekk lova under Håkon Håkonsson (1217–1263). Som dei andre landskapslovene vart Frostatingslova erstatta då Magnus Lagabøte gav ei riksdekkjande lov mellom 1274 og 1276. Saman med Gulatingslova er Frostatingslova den einaste av dei norske landskapslovene som er overlevert i nokolunde fullstendig form.

 

Kanskje mest særmerkt i Frostatingslova er den såkalla motstandsretten, plikta til å gjere motstand mot maktmisbruk, noko som ikkje finst i andre mellomalderlover. Fleire av rettsreglane i Frostatingslova syner eit samfunn på eit seinare utviklingstrinn enn dei reglane vi finn i Gulatingslova. Trælane hadde fått betre rettsvern og kvinnene betre arverett, bygda tok seg meir av dei fattige, det var mindre ættehemn, og riksstyret var styrkt med fleire kongelege ombodsmenn. Kristenretten i Frostatingslova viser òg større gjennomslag for kyrkja og kanonisk (sentralkyrkjeleg) rett, med hardare straffer for utanomekteskapeleg samleie.

 

Lovboka

«Med lov skal landet byggjast, og ikkje med ulov øydast», lyder den mest kjende utsegna i Frostatingslova. Lova var viktig for rettstryggleiken i trøndelagsområdet. Ein kan likevel ikkje seie at Frostatingslova var noko fullstendig lovverk i den eldste tida, det var få positive rettsreglar. Heller har tingavgjerder danna grunnlaget for ein sedvanerett, og kvar sak har vorte tolka enkeltvis etter denne sedvanen. Særleg lovkunnige menn la fram dei normene som var aktuelle for dei ulike sakene på tingsamlinga.

 

Frostatinglova slik vi kjenner henne, fekk si endelege form mot slutten av Håkon Håkonsson si styringstid, frå 1240-åra. Denne lova skal ha vore bygd på ei eldre utforming av lovboka, kalla Grágás (Grågås), som ifølgje Sverresoga skal ha vore nedskriven under Magnus den gode. Meir truleg er det likevel at iallfall størsteparten av den eldre versjonen vart nedskriven under Olav Kyrre (1067–1093). Desse rettsreglane kan samtidig ha eksistert i ei privat oppteikning heller enn som ei offentleg lovbok. Frå midten av 1100-talet er det likevel sikre prov på at det fanst ei offisiell lovbok for Trøndelag.

 

Fragment av eit 1200-talsmanuskript med Frostatingslova finst i Riksarkivet. Delane inneheld reglar frå «mannhelgebolken». Mesteparten av dei verdslege rettsreglane er kjende gjennom avskrifter frå 1600-talet, etter eit mellomaldermanuskript frå 1260-talet som vart øydelagt under brannen i Københavns Universitetsbibliotek i 1728. Den islandske lovboka Járnsiða/Hákonarbók byggjer òg mykje på den eldre Frostatingslova. Dei kristne rettsreglane er overleverte i fleire mellomaldermanuskript.


(Artikkelen held fram under biletet)

Fragment av Frostatingslova, ca. 1260. Kjelde: Riksarkivet (via ndla) CC BY-NC-ND 3.0.

Fragment av Frostatingslova, ca. 1260. Kjelde: Riksarkivet (via ndla) CC BY-NC-ND 3.0. 

 

Rettsreglane

Lova er sett saman av 16 bolkar, som kan delast i ein verdsleg og ein kristen del. Den første bolken, «tingfarebolken», tek for seg ordninga av tinget. Mannhelgebolken avgjer saker som gjeld skade- og drapsverk – også nidingsdrap, drap på frigjorde eller andre med rettstrygd, som gjorde drapsmannen ærelaus. Bolken er utførleg, med eigne avgjerder for ulike former for drap. Denne delen skriv seg truleg frå svært gamal tid. Ein annan bolk tek for seg rettargangen.

 

Ein av bolkane tek for seg bøter. Ordninga med skadebøter var svært grundig, med vederlag for eit vidt omfang av slektningar og bøteplikt for lovbrytaren sin storfamilie. Bøteforholdet var altså privat. Ikkje før Magnus Lagabøtes landslov vart bøtene ei offentleg oppgåve, som låg under kongen. Dei andre delane tek for seg leidangen (sjøforsvaret), arverett, landleige, steling, jordkjøp og det som vert kalla kvinnebolken. To bolkar har blanda innhald, ein av dei gjeld rettarbøter.

 

Kristenretten

Kristendomsbolkane i Frostatingslova viser kodifiseringa av kristne moralbod, som tok til etter Olav Haraldsson heldt eit kyrkjemøte på Moster i 1024, der den norske kyrkja vart grunnlagd. Desse boda vart tekne opp til forhandling og avgjerd på dei lokale tinga. Klare rettsreglar vart sette for fødsel og dåp, giftarmål og gravferd, handlingar som hadde vore regulerte av tradisjonen. Tidlegare private forhold vart slik gjorde offentlege, mellom anna seksualliv, ølbrygging og kjøteting.

 

Biskopen hadde rett på bøter for brot på reglane, og det var ei viktig inntekt for kyrkja. Underhaldet bøndene batt seg til gjennom lova, var vidare avgjerande for framveksten av kyrkjestellet. Kristenretten sine reglar om fredagsfaste og å halde søndagen heila ordna tida på ein ny måte, i veker. Forbodet mot arbeid «til heilage tider» endra forholdet til arbeid. Ein av vekedagane, etter non (kring klokka tre) laurdag, og ei rekkje andre dagar i året, vart no fridagar. Kristne overgangsritual delte vidare opp menneskelivet i fasar. Gravferda markerte eit endeleg brot med den døde, der det i førkristen tid var sterkare band til etterlivet.

 

Motstandsretten

Tre av kapitla i mannhelgebolken regulerer det som vert kalla motstandsretten, plikta til å gjere opprør mot kongen eller andre leiarar som hadde brote lova. Her heiter det: «Ingen mann skal gjere valdsverk mot andre, korkje kongen eller nokon annan mann. Men om kongen gjer det, då skal […] ein fara etter han og drepe han.» Alle måtte dessutan ta del i opprøret, og det var bot for manglande oppmøte. Ein slik rettsregel finst det ikkje maken til i andre nordiske eller germanske lovverk.

 

Motstandsretten er den mest diskuterte delen av Frostatingslova. Delen er truleg vorten til i byrjinga av 1000-talet og slik ha danna bakteppet for opprøret mot Olav Haraldsson og slaget på Stiklestad. Han viser kor sterkt bøndene stod både andsynes kongen og ombodsmennene hans i tida før den sterke sentraliseringa av makt i Noreg.

 

Frostatinget

Tingstaden for trøndelagsfylka var garden Logtun, av norrønt lǫg (lover/lovområde), på Frosta. Det er mogleg at denne tingstaden var brukt heilt frå folkevandringstida, på 400-talet. Frosta ligg greitt til som samlingsstad, særleg med båt, noko som gjer ei felles tingsamling her sannsynleg. Dette har truleg vore eit allting, eit ting der alle møtte. På 900-talet vart det gjort om til ei representativ forsamling, der det møtte såkalla nemndemenn, utvalde av kongelege ombodsmenn. Etter kvart vart lagtingsamlinga årleg, etter våronna. Under Magnus Erlingsson (1161–1184) byrja samlinga 28. juni, under Magnus Lagabøte 16. juni.

 

Her møttes dei fire inntrønderske fylka – Øyna, Sparbyggja, Verdøla og Skøyna – og dei fire uttrønderske – Stjordøla, Strinda, Gauldøla og Orkdøla. Kvar av dei inntrønderske fylka skulle sende 40 nemndemenn, dei uttrønderske 60 kvar. Seinare kom Nordmøre til, og kring 1100 Namdalen og Romsdal. I ei tid høyrde òg Sunnmøre til Frostating. Hålogaland vert i kjeldene delvis rekna som eit eige lagdøme. Dei møtte ikkje på Frosta, men hadde truleg eit lovsamarbeid. Frostatingslova var på den måten òg gjeldande i Hålogaland, med nokre tillempingar. Ved innføringa av Landslova i 1274 møtte 85 menn på Frosta frå dei tilstøytande landområda.

 

Tingsamlinga

Lagtinget var den overordna domstolen for lagdømet. Dommar vart avsagde av lagretten, som rett og slett kan ha vore heile tingsamlinga, sjølv om det òg er tolka som eit utval på 36. Lagretten sat innanfor ei avgrensing, eit veband, som skulle halde kongelege ombodsmenn utanfor domsavseiinga. Omstenda kring saka var gjerne ferdig utgreidde og vitnemål avlagde i ein skilsdom, slik at rettargangen vart kort.

 

Lagmannen leidde samlinga. Han tok ut, eller skar ut, dei delane av lova som var relevante for saka, og dette vart kalla orskurd. Etter framlegg frå lagmannen vart rettsreglane tolka, før dei vart vedtekne av tingmennene. Lagmannen var opphavleg oppnemnd av tinget, men mot slutten av 1100-talet var det kongen som stod for utnemninga. Lagmannen kom slik til å handheve kongeleg domsmakt, gi bøter og avgjere saker.

 

Frå landskapslover til Landslova

Frostatingslova var eit av fire regionale lovverk i mellomalderen, med Borgartingslova, Gulatingslova og Eidsivatingslova som dei andre tre. Desse lovene dekte altså eit stort område, med fleire gamle smårike eller fylke. Landskapslovene er uttrykk for eldgamal rettsoppfatning og for den offentlege ordninga ein trong i eit mindre sentralstyrt Noreg. I nedskriven form viser dei òg endringane som kom med kristendomen og den framveksande kongemakta. Det var ein overgang frå utstrekt lokalt sjølvstyre til eit institusjonalisert riksstyre.

 

Utover på 1200-talet styrkte kongen og erkebiskopen retten sin til å «bøte» på lovene. Frå 1274 til 1276 vart landskapslovene erstatta av eit lovverk for heile riket, Landslova. Dette lovverket bygde mykje på rettsreglane i Frostatingslova. Landslova var eit uttrykk for styrking av sentralmakta i Noreg, og for styrking av kongen si stilling. Motstandsretten vart teken bort, opprør var ikkje lengre lovleg. Der vald tidlegare hadde vore ei vanleg form for privat oppgjer, vart det kongelege valdsmonopolet no skjerpa. Bøtene vart lagde på lovbrytaren åleine, ikkje heile familien. Kongen skulle no råde for lov og rett, der det tidlegare hadde vore folket sjølv.

 

Tinga heldt slik fram som samlingar under kongeleg styring, leidde av ein kongeleg embetsmann, som dømde etter lver som kongen gav. Lovarbeidet vart samtidig flytta til andre samlingar, frå midten av 1100-talet til riksmøte, seinare riksråd. På Frosta vart det halde tingsamling så seint som i 1572, men eit par tiår seinare var lagtinget flytta til Trondheim. Frostating er i dag namnet på lagmannsretten som omfattar Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal. Frostating lagmannsrett har sete i Trondheim.

 

Kjelder

Sverre Bagge: «Kirken, bøndene og motstandsretten i Norge i middelalderen», Historisk tidsskrift nr. 3, 2005

Knut Helle: Gulatinget og Gulatingslova. Leikanger 2001

Jan Ragnar Hagland og Jørn Sandnes: Frostatingslova. Oslo 1994

Jørn Øyrehagen Sunde: «Lov, rett og rette dommar. Lovgjevingsarbeidet under kong Magnus Lagabøte på 1270-talet», Jussens Venner nr. 6, 2002

 

Peikarar

Nettstaden til Frostating lagmannsrett  

Arkivverket: «Frostatingsloven» 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 09.08.2018