Hopp til innhold
X
Innhald

Generalprokurør

Generalprokurør var namnet på ein høgtståande dansk-norsk embetsmann. Embetet vart oppretta i tilknyting til innføringa av eineveldet i 1661, og generalprokurøren skulle føre tilsyn med statsfinansane. Etter kort tid vart kompetansen hans utvida, slik at han stod fram som ein vaktar av det nyetablerte eineveldet. Stillinga vart avskaffa i Noreg i 1814, med unntak av ein kort periode i 1820-åra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.04.2017
Sist oppdatert: 04.04.2017