Hopp til innhold
X
Innhald

Giskeætta

Giskeætta var ei stormannsslekt som stamma frå Torberg Arnesson, jamfør arnmødlingane, og Ragnhild, dotter til Erling Skjalgsson. Tora, dotter deira, vart gift med Harald Hardråde, og frå henne stammar ei rekkje kongar i Noreg. Giskeætta døydde ut på mannssida i 1265, og med Margrete Nikolasdotter, som gifte seg med Bjarne Erlingsson, gjekk Giskegodset over til Bjarkøy-ætta.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.04.2017
Sist oppdatert: 04.04.2017