Hopp til innhold
X
Innhald

Grimkjell

Grimkjell var ein angelsaksisk geistlig, hirdbiskop og den viktigaste medarbeidaren til Heilag-Olav då dei innførte den angelsaksisk-norske kyrkjeforfatninga i Noreg. Han var med på å innføre kristenretten her i landet og utviklinga av helgenkultusen etter at Olav var død. Han er nemnd siste gong i 1046.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.04.2017
Sist oppdatert: 04.04.2017