Hopp til innhold
X
Innhald

Gripedyrstilen

Gripedyrstilen er særleg kjend frå treskurden på Osebergskipet. Han vert difor òg kalla osebergstilen, som var ein ny utviklingsfase i germansk dyreornamentikk. Omgrepet gripedyrstil kjem av dei plastisk utforma, groteske dyrefigurane og andre skapningar som bit og grip over rammeverk og lemmer på andre dyr og skapningar. Stilen er typisk for dyreornamentikken på 800-talet. I om lag 900 vart han avløyst av borestilen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.04.2017
Sist oppdatert: 04.04.2017