Hopp til innhold
Måleri av Hannibal. Sehested frå 1600-talet. Kunstnar: Karel van Mander III, avfotografert verk. Kjelde: Wikimedia Commons (måleri: falle i det fri / foto av måleri: fri lisens).
Måleri av Hannibal. Sehested frå 1600-talet. Kunstnar: Karel van Mander III, avfotografert verk. Kjelde: Wikimedia Commons (måleri: falle i det fri / foto av måleri: fri lisens).
X
Innhald

Hannibal Sehested

Hannibal Sehested, 1609–66, var dansk statsmann og norsk statthaldar.

Sehested var av ei dansk adelsslekt frå 1300-talet. Han var son av Claus Maltesen, som var statthaldar på øya Ösel utanfor Rigabukta og bror til riksmarsk Steen Maltesen Sehested. Hannibal var dermed også fetter av Christen Thomesen Sehested, rikskanslar frå 1630, som støtta han fram til eit embete ved hoffet.

Utdanning og hoffstillingar

Frå 1626 til 1629 studerte Hannibal ved den nyoppretta adelsskulen Sorø Akademi. Utdanninga utfylte han deretter med ei mangeårig studieferd rundt i Europa, som var gjengs blant adelsmenn i tida. Ferda var derimot ikkje til hinder for å bli utnemnd til stillingar i Danmark. I 1632 vart Sehested hoffjunker for Christian IV, og frå 1637 til 1639 var han hovmeister for sonen til kongen, Valdemar Christian.

I 1636 vart Sehested forlova med Christiane Munk, ei ti år gammal dotter av Christian IV. Saman med ein annan av svigersønene og hoffjunkerane til kongen, Corfitz Ulfeldt, vart han no leiande i det såkalla svigersonpartiet ved hoffet. I 1640 vart Sehested utnemnd til dansk riksråd. Same året fekk han Båhus i len av kongen. Frå 1640­ til 1641 var Sehested ambassadør i Spania. Her forhandla han fram kompensasjon for angrep på danske handelsskip frå kaprarar i dei spanske Nederlanda.

Sehested som statthaldar

I 1642 vart Sehested så utnemnd til statthaldar i Noreg, etter Christoffer Urne. Statsveksten på 1600-talet hadde gjort statthaldarembetet viktigare i forvaltninga. Sehested føreslo no fleire reformer for å utvikle og skjerpe styret av Noreg. Mellom desse var utbygging av ein ståande norsk hær som skulle vere støtta av eliten i Noreg. Sehested effektiviserte òg innkrevjinga av skattane, som krona hadde skrudd mykje opp i den norske delen av rika på 1600-talet, og han vidareførte auken i tollavgiftene.

Oppbygginga av ein norsk hærstyrke vart påskunda då Sverige gjekk til krig mot Danmark-Noreg i desember 1643. Sehested kalla òg inn store utanlandske leigetroppar og gav pålegg til norske bønder om å yte underhald til desse. Dei militære tiltaka var delvis vellykka: Norske bondesoldatar som var leidde av utanlandske offiserar, klarte å slå tilbake svenske innfall i Jemtland og Båhuslen og gå til små vellykka angrep på svensk land.

Norske soldatar ivra likevel lite etter å gå til angrep på svenske grensebygder, og ulysta voks ettersom mange soldatar og matrosar døydde av sjukdommar. Kostnadene var dessutan svært mislikte i Noreg, der skattetrykket nærast dobla seg frå den då makelaust høge summen på 450 000 riksdalar i året før krigen, til 800 000 under krigen. Stort betre vart ikkje stemninga då Danmark-Noreg gav frå seg tidlegare norske område som Jemtland og Herjedalen, då det vart slutta fred i det som har vorte kalla Hannibalfeiden i Noreg.

Det danske riksrådet var svært lite nøgde med at Sehested hadde oppretta eit eige kommissariat, eit slags departement, for styring av dei norske statsinntektene. Særleg gjaldt det Ulfeldt, som no var sjef for det danske rentekammeret, som svarte til dagens finansdepartement, der han rana til seg store verdiar. Underslag var ikkje uvanleg i det samtidige embetsverket, heller ikkje i Noreg, der embetsmenn tuska til seg stadig meir av offentlege inntekter, Sehested like eins.

Avsetjing og ny karriere

Etter Hannibalfeiden måtte Sehested sjå at ein større del av inntektene frå Noreg igjen vart leidde rett til København, og at det danske riksrådet reduserte dei norske hærstyrkane. Sehested hadde eit godt forhold til Christian IV, men i 1648 døydde kongen, og Frederik III vart vald som etterfølgjar. Under han vart Sehested vidare motarbeidd av riksrådet med Ulfeldt i spissen.

Dei særlege ordningane for Noreg vart avskaffa, og embetsgjerninga til Sehestad kom under ettersyn. Sehested skreiv eit svært langt forsvarsskrift, men etter at det vart oppdaga manglar i rekneskapane for Akershus, kom to danske riksrådar til lenet for å undersøkje forholda. Dei fekk høyre vitnemåla til fleire hundre norske bønder om utbyttinga frå lokale embetsmenn. Dette auka presset frå riksrådet, og 24. juni 1651 måtte Sehested gå av.

Samtidig hadde kongen innleidd undersøkingar av Ulfeldt. Men medan Ulfeldt måtte flykte og døydde i utlandet, kom Sehested tilbake til dei inste maktgemakka. Frederik III hadde måtta gi mykje makt til riksrådet for å bli vald i 1648. Tolv år seinare kom han svært sterkt tilbake, då han fekk borgarskapet og kyrkja med på å gjere kongemakta eineveldig. Dermed kunne Sehested gjere ny karriere i den dansk-norske nyordninga, først i endringa av finansstellet, så som ambassadør i Paris. Der døydde han 13. september 1666.

Først publisert: 30.01.2017
Sist oppdatert: 27.02.2017