Hopp til innhold
X
Innhald

Hårek av Tjøtta

Hårek av Tjøtta, ca. 965–1036, var av gammal høvdingslekt og busett på Tjøtta i Nordland. Der hadde han store inntekter av handelen med samane. Hårek var lendmann under Olav Tryggvason og Olav Haraldsson, men då sistnemnde tok halve sysselen frå han, slutta han seg til Olavs fiendar og vart ein av bondeførarane på Stiklestad.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2017
Sist oppdatert: 05.04.2017