Hopp til innhold
X
Innhald

Hird

Hird kjem frå det norrøne hirð, som opphavleg tyder husstand.

I vikingtida og tidleg mellomalder vart det brukt om elitekrigarane som følgde norske kongar. Hirda vart eit slags verdsleg aristokrati. Hirdmedlemmene var kongens handgangne menn, som plikta å følgje han på krigsferd også i åtakskrig i utlandet, sjå leidang. Likevel følgde ikkje heile hirda kongen til ei kvar tid. Han var delt inn i fleire rangklasser, til dømes lendmenn, skutilsveinar, hirdmenn og kjertesveinar. Hird-ordninga vart oppløyst frå seint på 1200-talet. Frå 1308 vart ikkje nye hirdmedlemmer utnemnde eller slegne til riddarar. Kongsrådet med sentrum i hirda måtte vike for riksrådet, ein prosess som var nær fullført då Håkon 5. døydde i 1319.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.04.2017
Sist oppdatert: 04.04.2017