Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Friedrich Struensee

Johann Friedrich Struensee, 1737–72, var ein dansk-norsk politikar med tysk avstamming.

Han studerte medisin, vart lege for kong Christian 7. og påverka han mykje. Struensee gjennomførte ei rekkje reformer i ånda til det opplyste eineveldet. Men både reformene hans og forholdet til dronninga skaffa han mange fiendar. I 1772 vart han fengsla og dødsdømd for å ha krenkt dronninga og brote kongelova. Struensee vart avretta med ein gong.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2017
Sist oppdatert: 05.04.2017