Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Gunder Adler

Johan Gunder Adler, 1784–1852, vart fødd i København, men kom til Noreg i 1812 som lektor og leiar av skulen på Frederikshald.

Saman med C.M. Falsen utarbeidde han det Adler-Falsenske grunnlovsutkast i 1814. Det var det viktigaste førearbeidet til den norske grunnlova og vart brukt som grunnlag for konstitusjonskomiteen under riksforsamlinga på Eidsvoll.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.04.2017
Sist oppdatert: 04.04.2017