Aslak Bolts jordebok
Aslak Bolts jordebok
Av .

Ei jordebok er ei liste over gardar eller anna fast eigedom der det er ført inn opplysningar om kva den som brukte eigedomen (leilendingen) var pliktig å yta i landskyld til jordeigaren, kyrkja eller staten.

I Norden og ute i Europa førte verdslege og geistlege institusjonar jordebøker eller tilsvarande register frå mellomalderen av. I Noreg kan dei eldste fragmenta av jordebøker over kyrkjeleg gods førast tilbake til slutten av 1100-talet. I dei aller fleste tilfelle registrerte jordebøkene berre dei inntektene jorddrotten, kyrkja eller staten hadde krav på, ikkje kva som reelt vart betalt. I Noreg vart det ført jordebøker til langt inn på 1700-talet.

Bakgrunn

Bakgrunnen for føringa av jordebøker var behovet for å skaffa oversikt over eigedomane og inntektene av desse. I Noreg vart dette særleg aktuelt etter at kloster og andre kyrkjelege institusjonar vart grunnlagde med store jordegodssamlingar frå første del av 1100-talet og utover. Frå same tid freista ein gryande norsk statsadministrasjon å skaffa oversikt over krona sine eigedomar og det godset som sysselmennene hadde i veitsle.

Jordebøker frå før reformasjonen

Jordebøkene frå før reformasjonen (1537) inneheld oftast berre opplysningar om kva brukarane av jorda skulle betala i landskyld til jorddrotten (jordeigaren). Enkelte jordebøker gjev likevel frå tid til anna opplysningar om korleis eigedomane har kome jorddrotten i hende ved kjøp, gåve eller på annan måte. Kyrkjelege jordebøker kan også innehalda opplysningar om tiend og andre avgifter til kyrkja eller om krøter som var til utleige hjå bøndene. Jordebøkene finst i trykte utgåver.

Jordebøker over kyrkjeleg gods

Frå tida før reformasjonen er det først og fremst nokre av kyrkja og klostera sine jordebøker som er tekne vare på. Dei to eldste er eit blad av ei jordebok for Munkeliv kloster som ikkje er yngre enn 1175, og eit stykke av ei jordebok for Jonskyrkja i Nidaros frå om lag 1200. For Munkeliv kloster finst det også jordebøker frå 1400-talet. Godset til fleire av dei andre klostera kjenner me først frå jordebøker etter reformasjonen, då dei var komne i offentleg eller privat eige.

Andre geistlege jordebøker frå mellomalderen er jordebøkene til biskopen i Bergen (Bergens kalvskinn frå før cirka 1360) og Oslo (Biskop Eysteins jordebok – «Raudeboka» cirka 1390) og jordebøkene til erkebiskopen i Nidaros (Aslak Bolts jordebok frå 1430-åra, Gaute Ivarssons jordebok frå cirka 1500 og Olav Engelbrektssons jordebok frå 1520–1530-åra). Desse jordebøkene gjev oversikt over jordegodset både til dei sentrale geistlege institusjonane og dei lokale kyrkjene og prestane i bispedøma.

Jordebøker over krongods og privat gods

Frå mellomalderen er det berre bevart nokre få og spreidde lister over krongods. Av private godssamlingar frå seinmellomalderen kjenner me jordeboka til Hartvig Krummedige frå 1456, Karl Knutssons gods nordafjells frå kring 1520, Knut Knutssons (Båt) jordegods sønnafjells kring 1519 og Vincens Lunge si jordebok frå 1535. I denne siste jordeboka finn me godset frå Nonneseter kloster som kongen gav til Vincens Lunge i 1528.

Jordebøker frå etter reformasjonen

Etter reformasjonen i 1537 gjekk alt gods som høyrde til kyrkja eller klostera over til den dansk-norske staten. Ein del vart overdrege til private eigarar, resten vart verande i staten si eiga, anten som krongods eller som gods som var tildelt kyrkjelege eller andre institusjonar. Det vart no dei dansk-norske styresmaktene si oppgåve å føra jordebøker over dette godset. Samstundes skulle dei også kartleggja dei skattane og avgiftene som kvilde på kvar einskild gardbrukar, uavhengig av kven som eigde jorda. Resultatet vart jordebøker som kunne innehalda opplysningar både om landskyld og om skattar og andre avgifter, som til dømes tiend. For bønder som eigde odelsjord fanst det eigne odelsjordebøker.

Jordebøkene som historiske kjelder

Jordebøkene er mellom dei viktigaste kjeldene til økonomisk og sosial historie i eldre tid, og er mykje brukte i lokal- og slektshistoriske arbeid. Dei er også sentrale kjelder til å belysa krisa i seinmellomalderen, då folketapet i kjølvatnet av svartedauden gjorde at mange gardar vart liggjande øyde (sjå øydegard) og minkande etterspurnad etter å leiga jord førte til eit kraftig fall i landskylda. I tidleg moderne tid viser jordebøkene korleis gardar vart gjenrydda og delte i fleire gardsbruk når folketalet tok til å veksa att etter krisa.

Ettersom landskylda stod i eit visst høve til produksjonsgrunnlaget på jorda, seier dei også noko om livsgrunnlaget for jordbruksbefolkninga. Jordebøkene gjev oss også innsyn i kva folk måtte yta til jorddrottar, kyrkje og stat og korleis desse ytingane kan ha påverka levekåra deira. Dei gjev også grunnlag for å vurdera det økonomiske grunnlaget som makta til kyrkje, stat og private jorddrottar kvilte på.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Dybdahl, Audun (2008). «Munkeliv klosters jordegods frem til 1463. Kilder og realiteter» i Historisk Tidsskrift, Bind 87, sidene 225–264.
  • Hamre, Lars (1962). «Jordebog, Noreg» i Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder», bind 7, sidene 646–663.
  • Johannessen, Ole-Jørgen (2016). Bergens Kalvskinn. Kildeutgivelser fra Riksarkivet 3.
  • Vigerust, Tore H. «Katalog over norske jordebøker for tiden inntil ca. 1660» i Jord. Norsk eiendomshistorie , nettutgave Oslo 2002–2003. Utgave 14. november 2003.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg