Hopp til innhold
Dette flagget var flagget for Kalmarunionen. Framleis blir det brukt som eit fellesnordisk flagg. Flagget har same proposisjonar som det danske, og fargane er dei same som i det norske riksvapenet.
Dette flagget var flagget for Kalmarunionen. Framleis blir det brukt som eit fellesnordisk flagg. Flagget har same proposisjonar som det danske, og fargane er dei same som i det norske riksvapenet.
Foto: Wikimedia. Lissens: Fri offentleg bruk.
X
Innhald

Kalmarunionen

Kalmarunionen, nordisk rikssamanslutning mellom 1397 og 1523.

Unionen har fått namn etter den svenske byen Kalmar, der Erik av Pommern ved råderettsalder i 1397 vart krona til konge over Noreg, Sverige og Danmark. Året før hadde han vorte hylla i Sverige og Danmark, og så tidleg som i 1389 i Noreg.

Opptakta til Kalmarunionen

Erik var son av dronning Margrete Valdemarsdatter, som styrte som formyndar før kongen vart 15 år og myndig. Margrete var dotter av den danske kongen Valdemar Atterdag og gift med den norske kong Håkon VI. Saman hadde dei sonen Olav, som etter at Valdemar døydde, vart vald til konge over Danmark. Krona i Noreg fekk han då Håkon døydde i 1380, sidan Noreg var eit valkongedømme. Det vart byrjinga på ein dansk-norsk rikssamskipnad som skulle vare fram til 1814.

Før han døydde, hadde Håkon også gjort krav på den svenske krona, som far hans, Magnus VII Eriksson, hadde rådd over i eit svensk-norsk samkongedømme, men han vart avsett i eit stormannsopprør i 1363/64. Det svenske riksrådet frykta at Sverige skulle miste sjølvstende under den danske krona, og valde i staden Albrecht III av Mecklenburg til konge. Gjennom ei samanslutning med mellom andre hanseatane sigra han så over styrkane til Håkon, Magnus og Valdemar.

Huset Mecklenburg hadde i første halvdelen av 1300-talet prøvd å utvide herredømmet sitt i Nord-Tyskland, mellom anna i ein mislykka krig mot grevskapet Brandenburg. Etter dette hadde hertugdømmet i større grad vendt merksemda mot Norden. Valdemar Atterdag hadde til gjengjeld fått støtte av Brandenburg til kravet sitt om den danske krona i 1340. Tyske aktørar påverka dermed nordisk historie i omfattande grad i denne perioden. Kampen mellom Mecklenburg og dei to kongehusa vart altså viktig i utviklinga av det nordiske landskapet.

Som dansk-norsk konge rådde Olav IV Håkonsson òg over Skåne, som var dansk område på denne tida. I 1385 reiste han hit, lét seg hylle og gjorde ein avtale med hanseatane. Samtidig var den svenske adelen i ferd med å vende kong Albrecht ryggen, mykje fordi han sette tyske stormenn i svenske maktstillingar.

3. august 1387 døydde derimot Olav Håkonsson, og Albrecht var dermed nærast til krona både i Danmark og Noreg. Margrete klarte likevel å få ein avtale med riksråda her, som gjorde ho og etterkomarane hennar til regentar. Samtidig snudde svenske stormenn ryggen til Albrecht og svor truskap til den dansk-norske husfrua i staden. Seinvinteren 1389 kom det så til kamp, der dansk-svenske styrkar sigra over leigehæren Albrecht hadde samla.

Margrete rådde såleis no over heile Norden, som òg innebar svensk-finske område, Island, Grønland og Vesterhavsøyane i Nordsjøen. Som ny følgjar til krona peika ho så ut Bugislav, no kalla Erik, av Pommern, som var dotterson av syster hennar. Han vart raskt anerkjend som norsk kronprins, men ikkje vald til dansk og svensk tronarving før i 1396. Året etter vart riksfellesskapet stadfesta på slottet i Kalmar. Margrete hadde stor påverknad på riksstyret fram til ho døydde i 1412.

Etablering og opprør

Samanslutninga var skjør. Riksstyret var ofte samla i København, som vart gjort til hovudstad i 1417. Riksembeta, dei styrande stillingane i rika, vart ståande tomme og heller erstatta av kongelege styringsmenn – i Noreg høvedsmann og kanslar. Dette vekte mistru både i Noreg og Sverige.

Utanriks var forholdet til England og tyske statar innfløkt. Engelskmennene braut den tidlegare norske eineretten på den inntektsbringande handelen med Island, og i 1431 tok engelske sjørøvarar norske riksrådsmenn på veg til Danmark til fange. Kong Erik førte vidare erobringskrigar i austersjøområda, og dette gjorde stillinga til hanseatane dårlegare. Dette svekte igjen den viktige svenske handelen med nord-tyske område. Krigane var dessutan dyre, så det måtte skrivast ut store skattar.

I 1434 gjorde derfor det svenske riksrådet opprør, med Engelbrekt Engelbrektsson som leiar. Den utløysande årsaka var usemje om makta over val av nye bispar. Følgja vart at Erik måtte love å styre meir etter samtykke frå riksrådet. Inspirerte av svenskane gjorde også nordmenn på Austlandet opprør i 1436, med Amund Sigurdsson Bolt i leiinga. I ein avtale frå 1437 lova kongen å utnemne nytt drottsete i Noreg, avstå frå nye store skattar og ikkje utnemne utanlandske styresmenn.

Det blussa likevel opp fleire nye sosiale opprør mot kong Erik i dei tre rika. I 1438 kom det eit større norsk opprør, leidd av Hallvard Gråtopp. Samtidig var det spørsmål om kven som skulle følgje Erik på trona, ettersom han var barnlaus. Mot slutten av 1430-talet segla Christoffer av Bayern, son av syster til Erik, opp som den mest aktuelle kandidaten.

Maktskifte

No hadde riksråda mista tolmodet med kong Erik. I 1439 sa det danske rådet opp truskapen sin og valde året etter Christoffer i staden, og i 1441 gjorde dei svenske og norske det same. Christoffer styrte mykje etter viljen til riksråda, men døydde allereie i 1448. Det førte til eit mellombels opphald for unionen, ettersom tidlegare rikshøvedsmann Karl Knutsson vart konge i Sverige og Noreg, medan det danske rådet valde Christian av Oldenburg. Huset Oldenburg sit framleis på trona i Danmark og styrte dermed også Noreg fram til 1814.

Striden som no oppstod mellom Knutsson og Christian I, vart mellombels løyst då svenske stormenn òg gjekk inn for Christian, for å få fred med Danmark. Christian I vart krona til konge i Noreg i 1450. Knutsson heldt likevel stand i Sverige fram til 1457, og vende tilbake og leidde eit vellykka opprør i 1464. Christian I prøvde å vinne tilbake den svenske krona i 1471, men vart slått av den svenske hærføraren Sten Sture.

Sture hadde til gjengjeld ikkje stor nok støtte i riksrådet, og rådet skjenkte i 1483 i staden makta til Hans I, som vart konge i Danmark og Noreg i 1483. Militært sett gjorde likevel Sture motstand fram til 1497, då kong Hans kringsette Stockholm. Det vart ingen full siger. Sture vende tilbake fire år seinare og dreiv Hans frå svensketrona. Svensk adel stakk såleis mange kjeppar i hjula for rikssambandet dei siste tiåra.

Svenskeopprøret i 1501 inspirerte på ny nordmennene. Knut Alvsson, som var tidlegare norsk høvedsmann, gjekk saman med svenske adelsmenn for å rive Noreg laust og heller lage ein svensk-norsk riksskipnad. Han fekk med seg misnøgde bønder på Austlandet og fekk styring med store område. Riksrådet gjorde derimot motstand, og Alvsson måtte gi opp kringsetjinga av høvedsmann Henrik Krummedike på Båhus, etter at styrkar frå hertug Christian, seinare Christian II, kom til. Alvsson vart så drepen i eit bakhald under fredsforhandlingar året etter.

Strammare styring og etter kvart oppbrot

Opprøret førte til ei strammare kongsmakt over Noreg. Riksrådet vart sett til side, og hertug Christian vart norsk visekonge. Han auka skattane, styrte kyrkja med jernhand og reiv til seg retten til å fungere som overordna domstol, som riksrådet tradisjonelt hadde hatt. Bondeopprør vart brutalt slått ned. Framgangsmåten viser at kongemakta hadde styrkt seg mykje sidan 1450, og at ho ønskte å styre riksfellesskapet som éi eining med Danmark og København som samlande midtpunkt. I 1537 var maktsamlinga fullenda, då Noreg vart ein dansk landsdel.

I 1513 vart Christian II vald til konge. Riksstyret vart meir einerådig under Christian enn han først hadde lova i handfestinga. Kongen tok til seg ikkje-adelege rådgivarar og fekk avliva den framståande adelsmannen Torben Oxe. Misnøyet steig, og i 1523 vart han avsett etter ei samansverjing mellom jyske stormenn.

Det at Christian II har fått eit ettermæle for hardstyre, heng òg saman med korleis han behandla Sverige. Etter at Sten Sture den yngre vart vald til riksforstandar der i 1512, var Kalmarunionen nær død. Christian prøvde likevel å hærta Sverige fleire gonger. Etter å ha slått og drepe Sture i 1520, kunne Christian samle dei tre rika under sitt styre på ny. Dei tidlegare motstandarane hans vart lova fritt leide, men etter kroninga vart 100 menn tvert om myrda i det som har vorte kalla Stockholms blodbad.

Etter det samla ei rekkje svenske stormenn seg under Gustav Eriksson Vasa, son av riksråd Erik Johansson Vasa, som vart drepen i blodbadet. Gustav vart vald til leiar i Dalarna i 1520 og riksforstandar i 1521. Med støtte frå hanseatane kunne han i 1523 også jage styrkane til Christian ut av Sverige. 6. juni 1523 vart han vald til konge av Sverige. Det vart slutten for Kalmarunionen og byrjinga på splittinga av Norden i to politiske einingar – Danmark-Noreg og Sverige-Finland – som vart ståande dei kommande tre hundre åra.

Først publisert: 30.01.2017
Sist oppdatert: 27.02.2017