Hopp til innhold
Den originale Kieltraktakten
Den originale Kieltraktakten
Foto Det Kongelige Bibliotek København Nytta etter avtale.
X
Innhald

Kieltraktaten

Kieltraktaten, vanleg nemning på traktaten som vart inngått i Kiel 14. januar 1814 mellom Danmark og Sverige. Den dansk-norske kong Frederik VI avstod Noreg til Sverige.

Kieltraktaten, vanleg nemning på traktaten som vart inngått i Kiel 14. januar 1814 mellom Danmark og Sverige. Den dansk-norske kong Frederik VI avstod Noreg til Sverige. Avståinga omfatta ikkje dei gamle norske bilanda Færøyane, Grønland og Island.

Kieltraktaten er aldri vorten anerkjend av Noreg. Etter norsk syn var kong Frederik ved Kieltraktaten ikkje lenger norsk konge. All makt gjekk dermed tilbake til det norske folket, som ved riksforsamlinga på Eidsvoll gav seg sjølv ei ny forfatning ved Grunnlova av 17. mai 1814 og valde Christian Frederik til konge. Etter at han abdiserte, valde Stortinget 4. november 1814 kongen av Sverige til norsk konge, og dette danna grunnlaget for unionen med Sverige.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.05.2016
Sist oppdatert: 27.02.2017