Kristian er eit mannsnamn som kjem av det latinske Christianus og det greske Christianos med tydinga ‘som høyrer Kristus til; kristen’.

Namnet var opphavleg ei nemning for dei kristne (fyrst brukt i Syria).

Namnet har fleire variantar: Christian, Cristian, Kristian.

Namnedag er 14. mai. Karsten og Kristen har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Kristian

Eit utval personar med namnet Kristian, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 16 516 menn i Noreg som hadde Kristian som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Kristian var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 79 gutar som fekk namnet Kristian.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Kristian og Christian slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Innafor tidsrommet 1845–1899 var Kristian og Christian svært mykje brukte og låg vekselvis som nummer 5, 6, 7 og 8 på ranglista for femårsperiodar innanfor dette tidsrommet. Begge namneformene fekk eit nytt oppsving på slutten av 1900-talet, og når frekvensane deira er slått saman, låg dei da på omtrent same nivå som i toppfasen på 1800-talet.

Utvikling i bruk av namnet Kristian frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Kristian frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kristian på 1800-talet.

Kristian var mest brukt i Akershus.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kristian på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Kristian var mest brukt i Akershus. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Christian.)

Historisk bruk av namnet Kristian
Historisk bruk av namnet Kristian
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg