Hopp til innhold
X
Innhald

Lagmann

Lagmann, det fremste ombodet på lagtinga i Norden. Opphavleg var lagmannen tillitsvald, seinare vart det ei kongeleg dommarstilling, men i seinmellomalderen svakare knytt til staten. Lagmannen var rettsleg andreinstans i Noreg i tidleg nytid, men vart avskaffa i 1797.

Lagmann (norrønt: lǫgmaðr) var det sentrale juridiske vervet på lagtinga frå vikingtida til tidleg nytid. Med ordninga av regionale sendemannsting, som kom med rikssamlinga, vart lagmannen sine oppgåver klarare definerte enn dei hadde vore tidlegare.

 

I vikingtida var lagmannen den fremste lovkunnige. Han la fram gjeldande rettsreglar for lagtinget, som så dømde gjennom lagretten. I høgmellomalderen vart lagmannen sterkare knytt til kongemakta og fekk ei meir sjølvstendig stilling overfor tinget og lagretten. Rettsreformer frå andre halvdel av 1200-talet prøvde så å knyte lagmannen sterkare til tingordninga igjen. Etter svartedauden og med Kalmarunionen vart styringsverket til kongen svakare lokalt. Lagmannen fekk då igjen ei meir sjølvstendig stilling og var viktig for lokalstyret.

 

Utover 1400-talet dømde lagmannen stadig oftare gjennom eigne nemnder i byane, lagmannsrettane. Lagmannsrettane tok slik over lagtinget si rolle og vart stadfesta som andreinstans på slutten av 1500-talet. Her fekk lagmannen den førande rolla, med ein lagrett av lekmenn. Appellordninga vart likevel uoversiktleg, då ulike domstolsnivå kom til dei neste hundreåra. Trass i auka profesjonalisering hos lagmennene vart stillinga deira difor avskaffa ved opprettinga av nye overrettar på stiftsnivå i 1797.

 

Lovseiemannen

I tida før lovene vart skrivne ned, vart dei vidareførte munnleg. Lagmannen var då den av bøndene som hadde størst kjennskap til dei gjeldande rettsnormene. Desse normene la han fram for tingsamlinga ‒ han var lovseiemann (lǫgsǫgumaðr). Her kan han ha lese opp heile lovverket systematisk, slik det vart gjort på Island, men meir truleg har han lagt fram, skore ut, dei rettsnormene som var aktuelle i kvar sak. Denne framlegginga vart difor kalla orskurd (órskur∂r).

 

Dei rettsnormene lagmannen la fram, bygde på avgjerder frå liknande saker. Rettsreglane i landskapslovene var altså danna gjennom lagtinget sin sedvane. I lagmannen sin orskurd låg ei tolking av sedvanen i kvar sak, noko som må ha hatt sterk påverknad på domsnemnda, lagretten, si avgjerd. Støtta av kongemakta vart orskurden så i første halvdel av 1200-talet stadig tydelegare ein dom i sivilrettslege saker. Då kunne lagmannen gi sjølvstendig orskurd utanom tinget, men i kriminalsaker måtte han bruke tingordninga.

 

Dette vitnar om at lagmannen sitt virke no var løyst frå tinget vest og nord i Noreg. I Aust-Noreg, der lagtinga var yngre, er det meir usikkert om det fanst ein eigen lagmann ved tinga.

Orskurden sin funksjon som offentleg dom, «lagmannens dom», vart stadfesta av Håkon Håkonsson i Frostatingslova i 1260. I Magnus Lagabøtes landslov (1274/76) vart det slått fast at orskurden var så sterk som første instans at han ikkje kunne avvisast av lagretten, men måtte eventuelt ankast vidare til kongen.

 

Kongeleg dommar

Frå slutten av 1100-talet stramma kongemakta grepet om rettsordninga, som del av ei allmenn styrking av statsstyringa. Sverre Sigurdsson oppnemnde aktivt lagmenn som kongelege ombodsmenn, som òg vart lønte av krona. Kongen fekk dessutan makt til å bøte på lova med nye påbod, rettarbøter. Frå å rettleie i sedvaneretten skulle lagmannen no dømme etter statleg lov. I Landslova vart lagmannen sitt oppdrag som offentleg dommar endå sterkare framheva. I saker der lagretten ikkje var samde, var det han som skulle avgjera spørsmålet. Elles skulle saka løysast av lagretten.

 

Lagmannsembetet heldt slik fram som ei sentral juridisk stilling under Landslova. Formelt dømde lagmannen i førsteinstans, tidvis saman med sysselmenn. Med rettsreformene i høgmellomalderen vart dei gamle norske lagtingsområda erstatta med 10 rettskrinsar, lagsokn, kvar med sin lagmann. Lagmannen tok no sete i byane. Gulating vart flytta til Bergen. I Avaldsnes, Båholm, Steigen og Tønsberg vart det oppretta nye lagting. Det vart òg oppretta mindre bylagting i Bergen og Nidaros, men fleire av dei nye lagtinga fekk mindre å seie ettersom kongemakta vart svekt i seinmellomalderen, og dermed fekk veikare kontroll med det regionale rettsstellet.

 

Seinmellomalderen

Reformer i høgmellomalderen prøvde å få styring med ei lagmannsstilling som hadde fjerna seg mykje frå lagtinga, men dermed òg frå offentleg styring elles. Landslova føresette at lagmannen skulle peike ut ein lagrett på 36 menn og dømme i samråd med denne lagretten. Denne forma for lagrett forsvann i seinmellomalderen, og lagmannen tok over mykje av domsmakta sjølv. Lagmannen kunne sjølv peike ut lagrettemenn, som vart lagmannen sine eidsvorne menn. Og lagrettemennene kunne sjølve avgjere tvistemål på bygdetinga. Lagmannen ambulerte òg mellom bygdene og heldt eigne rettsstemne.

 

I seinmellomalderen vart lagmannen på den måten sterkare knytt til lokalsamfunnet enn det han var med den kongelege domsgjerninga i høgmellomalderen. At lagmennene var utpeika blant storbønder og lågadlege, styrkte òg den lokale koplinga. Lagmannsstemna vart derimot stadig oftare haldne i byane. På 1400-talet vart lagtinga så stadig meir fortrengde av kollegiale domstolar med sete i byen, lagmannsrettane, der lagmannen dømde saman med byrådet. Framleis var lagmennene utnemnde av kongemakta, sjølv om det i skattlanda og Jemtland (frå 1480) var tingsamlinga som peika ut kven som skulle sitje i stillinga.

 

Einedommar

Frå midten av 1500-talet var lagmannen viktig som mellomledd i dei juridisk-administrative omleggingane. No vart lagtinga formelt erstatta av lagmannsrettane og gjekk inn i det nye systemet med ankeinstansar frå slutten av hundreåret, som andreinstans. Første instans vart då lagrettemennene ved bygdetinga, som slik vart ein verkeleg domstol. Lagmannen sitt tenesteområde erstatta då lagtingsamlingane. Byrådet gjekk ut av lagretten frå 1607, som i staden vart samansett av bønder og borgarar, med lagmannen som den einaste juridisk kunnige.

 

Lagmannen vart slik åleine den øvste domsmakta i lagsoknet. Etter Kristian 5.s Norske Lov skulle han dømme som andreinstans i alle saker, både sivilrettslege og kriminalrettslege. Lagrettemennene miste elles mykje av domsmakta si utover 1600-talet. I staden vart dei nye profesjonelle sorenskrivarane leiarar av underretten. Etter Norske Lov var det sorenskrivaren som var einedommar på bygdetinga. Lagrettemennene skulle likevel framleis medverke i saker om eigedom, liv og ære, men var elles degraderte til tingvitne. Alle saker om liv og ære skulle lagmannen stadfeste, før dei måtte avgjerast i ei kongeleg fråsegn.

 

Nye domstolar, nye dommarar

Pålagd vidareanking i saker om dødsstraff var ei klar rettsleg sentralisering i høve til handhevinga i tida før, då avrettinga skulle utførast rett etter rettsavgjerda. Gjennom 1600- og 1700-talet vart rettargangen vidløftig, med langdryge skriftlege utgreiingar og eit uoversiktleg ankesystem. Eigne kommisjonar dømde gjerne i andreinstans ad hoc, særdomstolar tok over delar av rettspleia og fekk same stilling som lagtinga, for at dei skulle gå inn i appellordninga. Lagmennene vart stadig betre skulerte, men var del av ei rettsordning som heldt på å verte forelda.

 

På 1500-talet hadde det kome til to nye norske lagmenn, i Agder og i Sarpsborg (som flytta til Fredrikstad i 1567). Med Kristian 4.s lovbok frå 1604 vart Noreg formelt delt inn i 12 lagsokn, med kvar sin lagmann. Desse lagdøma heldt seg til 1797, då dei vart skifta ut med dei nye stiftoverrettane. Dermed forsvann også lagmannsstillinga.

 

I moderne tid har andre instans i domstolsordninga på nytt fått nemninga lagmannsrett, medan juryen vert kalla lagrett. Leiarane for avdelingane i lagmannsretten vert kalla lagmenn, den øvste leiaren vert kalla førstelagmann.

 

Kjelder

Knut Helle: Gulatinget og Gulatingslova. Leikanger 2001

Hans Eyvind Næss: Fiat justitia! Lagmennene i Norge 1607‒1797, bd. 42 i Riksarkivaren. Skriftserie. Oslo 2014

 

Jens Arup Seip: Lagmann og lagting i senmiddelalderen og det 16de århundre, bd. 3 av Skrifter utgitt av Det norske videnskaps-akademi. Oslo 1934. Tilgjengeleg på nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2015061808057 [lesedato 17.1.2018]

 

Peikarar

Norsk historisk leksikon: «Lagmannen»,  lokalhistoriewiki.no 

Norsk historisk leksikon: «Lagrette»,  lokalhistoriewiki.no 

Norsk historisk leksikon: «Lagrettemenn», lokalhistoriewiki.no 

Ole-Albert Rønning: «Magnus Lagabøtes landslov», norgeshistorie.no

Erling Sandmo: «Lov og rett i tidlig-moderne tid», norgeshistorie.no 

Først publisert: 16.04.2018
Sist oppdatert: 16.04.2018