Hopp til innhold
X
Innhald

Lagting

Lagtinga var regionale rettsorgan som voks fram med den norske rikssamlinga. Lagtinga avsa domar, gav lover og verka som politiske forsamlingar. Frå 1590 til 1797 var dei første ankeinstans i rettsordninga.

Lagting (norrønt: lǫgþing) var i vikingtida namnet på dei representative forsamlingane som dekte eit større geografisk område. Frå vikingtida kjenner vi fire lagtingsområde i Noreg: Frostating, Gulating, Eidsivating og Borgarting. Desse landskapa var eigne lovområde, slik at kongemakta måtte forhandle med kvar enkelt tingsamling for å få vedteke nye rettsreglar.

 

Tinget var leidd av lagmannen, som la fram dei gjeldande rettsreglane for tingsamlinga. Tvistemål vart så løyste av lagretten, tidleg truleg heile tingsamlinga i fellesskap. Vitnemål var gjennomførte før samlinga, slik at saksgangen var kort. På 1100-talet vart lagmannen kongeleg dommar, og lagtinga fekk vidare avgjerdsmakt, ved at dei fekk domsoppgåver frå den sivile forliksnemnda dómen. I den riksdekkjande Landslova frå 1274/76 vart lagretten omgjord til eit domsutval på 36 av sendemennene, utpeika av lagmannen.

 

Til tingsamlingane vart det sendt nokre hundre utsendingar, nemndemenn, frå lovområdet, oppnemnde av kongen sine ombodsmenn. Som statlege politiske organ var dei regionale lagtinga tungrodde, sidan kongen måtte reise mellom dei for å få igjennom vedtak. Frå andre halvdel av 1100-talet vart dei difor i nokon grad erstatta av enkeltmøte på riksplan. Mot slutten av 1200-talet tok så Riksrådet over oppgåvene som lagtinga hadde hatt.

 

På 1300-talet vart det oppretta eigne lagting for dei nye lagsokna, som vart oppretta ved sida av dei gamle lagdøma. Dette skulle gjere rettsordninga enklare. Utfordringar i lokalstyret etter svartedauden og ei fjern kongemakt etter Kalmarunionen gjorde kontrollen med rettsordninga svakare. Lagmannen dømde då i aukande grad utanom tinga, i eigne stemne. Tinget vart ytterlegare utfordra av at fleire saker vart behandla i eigne domsnemnder i byane, lagmannsrettane, der lagmannen tok sete saman med byrådet. I tidleg nytid (1537‒1814) erstatta lagmannsrettane formelt dei gamle lagtinga.

 

Tingsamlingane

Til tinga møtte sendemenn frå den tilhøyrande lagen, lovområdet. I vikingtida møtte 400 menn til Frostating og 375 til Gulating. Med Landslova vart talet skore ned, fastsett til 148 for Gulating, for å effektivisere tingsamlinga. Truleg var desse sendemennene først valde på bygdetinga, men seinare vart dei utnemnde av kongen sine ombodsmenn.

 

Lagtinget var ein overordna domstol for lagdømet. Dommen vart avsagd av lagretten, som kan ha vore heile tingsamlinga, men i Landslova fastsett til eit utval på 36. Medlemene i lagretten sat innanfor ei avgrensing, eit veband, for å halde kongelege ombodsmenn utanfor domsavseiinga. Omstenda kring saka var gjerne ferdig utgreidde og vitnemål avlagde i ein skilsdom, slik at sjølve rettargangen var kort. Var saka uklar, kunne den tiltalte likevel verje seg med nektingseid, der opp til 11 mann gjekk god for vitnemålet, eller i særlege saker jernbyrd, der den saksøkte bar eller gjekk på glødande jern. Vedtak vart stadfesta ved våpentak, der alle mennene som var til stades, banka blankvåpna sine mot skjold. Seinare vart det ulovleg å bere våpen på tingsamlingane.

 

Lagmannen leidde tingsamlinga. Gjennom hans framlegg, orskurden, vart rettsreglane tolka. Så vart dei godtekne av tingmennene. Lagmannen var opphavleg oppnemnd av tinget, men på 1100-talet fekk kongen hand om utnemninga, slik at lagmannen stadig sterkare handheva kongeleg domsmakt. Lagmannen si dommargjerning fekk lovs form i 1260. I seinmellomalderen vart ombodet svakare knytt til tinga, og til kongemakta, og lagmannen dømde i staden i eigne stemne.

 

Lov og straff

I eldre tider vart lovverket vidareført munnleg. Lovene vart ikkje planlagde, og det låg ikkje føre noko oversiktleg lovverk. I staden vart sakene tolka enkeltvis, ut frå tidlegare avgjerder på tinget, som danna grunnlag for ein sedvanerett. Lagmannen la fram dei normene som var relevante for dei ulike sakene på tingsamlinga. Kongen og erkebiskopen fekk etter kvart vedteke fast utforma lover på tinga, men lovgiving som planlagd regulering kom først i utstrekt grad med Landslova.

 

I Gulatingslova vart bøter brukte i private rettsoppgjer. Ved mannedrap skulle drapsmannen si slekt betale bot til den drepne si storslekt. Ved sida av den private skadebota var det samtidig ei offentleg, for brot på landefreden, til kongen, men også delvis til styringsmenn og bøndene sjølve. Nekta lovbrytaren å betale, skulle kongelege ombodsmenn og fleire tingmenn krevje inn bota med makt. Noko fengselsordning fanst ikkje. Var forholdet særleg alvorleg, var saka ubotamål, ho kunne ikkje løysast med bot. Lovbrytaren fekk då utlegd, han stod utanfor lova, og kven som helst kunne drepe han.

 

Frå landskapslover til Landslova

Fleire av rettsreglane i Gulatingslova vart til som ein rettsavtale mellom tingmennene og kongen og kyrkja. Lagtinget var slik eit viktig politisk forhandlingsorgan i vikingtida, samtidig som det var ein domstol og ei lovgivande forsamling. Landskapslovene viser oss dei reglane som trongst i eit mindre sentralstyrt Noreg, men òg endringane som kom med kongemakta og kyrkja sin framvekst. Det var ein overgang frå utstrekt lokalt sjølvstyre til eit institusjonalisert riksstyre.

 

Ettersom kongemakta og erkebispesetet frå andre halvdel av 1100-talet flytta lovarbeidet til riksmøte, seinare riksråd, miste lagtinget mykje av den lovgivande rolla. Samtidig tok kongen, gjennom sysselmennene, over meir av påtalemakta. Fleire saker vart då avgjorde i såkalla såttmål, mekling utanfor tinget, der ombodsmennene stod for domsavgjerdene. Kyrkja fekk òg større sjølvstende i kristenretten. Mot slutten av Gulatingslova si tid hadde kongemakta styrkt styringsapparatet sitt nok til å ta over fleire av dei offentlege oppgåvene som bøndene stod for tidlegare. Mange av rettsreglane var no i ferd med å verte forelda.

 

Frå 1274 til 1276 vart landskapslovene erstatta av eit lovverk for heile riket, Landslova. Mykje av lovteksten var teken frå Gulatingslova, men kongemakta vart styrkt. Der valdsbruk tidlegare hadde vore ei vanleg form for privat oppgjer, vart det offentlege valdsmonopolet no skjerpa. Bøter for drap vart lagde på lovbrytarane åleine, ikkje slekta. Kongelege ombodsmenn kunne stemne lovbrytaren til tinget. Slik var det no riksstyret som skulle råde for lov og rett, der det tidlegare var folk sjølve. Tinga heldt fram som samlingar under kongeleg råderett, leidde av kongelege embetsmenn, som dømde etter kongeleg lov.

 

Seinmellomalder og tidleg nytid

Rettsreformene på slutten av 1200-talet erstatta dei norske lagtingsområda med ti nye rettskrinsar, lagsokn, med kvar sin lagmann. Lagmennene sat i byane, og det vart oppretta eigne lagting ved lagmannsseta. Dei gamle lagtinga Frostating og Gulating, frå 1320 med sete i Bergen, heldt fram som lagsokn, men Sør-Vestlandet vart no eit eige lagsokn, med Avaldsnes (seinare Stavanger) som tingstad. Borgartinget vart delt i fire lagsokn, med lagting i Sarpsborg, Båholm, Skien og Tønsberg. Eidsivating vart delt i Oslo og Hamar. I Hålogaland vart Steigen lagmannssete. På 1500-talet vart Agder eige lagsokn. Sjølve tingsamlinga kunne verte haldne på ulike stader utanfor dei ordinære lagtinga, i eigne stemne skipa av lagmannen.

 

Som domstolar vart lagtinga utover 1400-talet sterkt utfordra av dei kollegiale lagmannsrettane, der lagmannen sat saman med byrådet. Lagmannsrettane erstatta formelt lagtinga på 1500-talet og gjekk inn i det nye systemet for klageinstansar frå slutten av hundreåret, som andreinstans, etter bygdetinga. Herredagane var siste instans, og særleg viktig var riksrådsmøta. Frå slutten av 1400-talet fanst det òg to nasjonale overlagting, med sete i Oslo og Bergen. Overlagtinga skulle dømme i særleg utfordrande saker, men saksmengda vart for stor, og dei vart formelt erstatta av herredagen i Kristian 4.s lovbok i 1604.

 

Avskaffinga

Lagtinga miste den juridiske funksjonen sin på 1500-talet og vart erstatta av lagmannsembetet. Som omgrep vart lagtinga då førte vidare med dei nye lagmannsrettane. Lagretten si stilling var utarma i seinmellomalderen, men vart formelt stadfesta med domstolsreformene på slutten av 1500-talet. Her vart nemnda av lagrettemenn dømmande organ ved bygdetinga. Kravet til kunnskap om lovene vart derimot for stort i den nye ankeordninga, slik at sorenskrivaren tok over domsmakta i underretten i løpet av det komande hundreåret. Lagrettemennene si rolle vart redusert til tingvitne.

 

Lagtinga var opphavleg den sentrale møtestaden mellom sentralmakta og bygdesamfunna. Politisk var dei avgjerande for forhandlingar om avgjerder på riksplan og spela slik til dømes den avgjerande rolla i kristninga av Noreg. Frå høgmellomalderen kom det til nye statlege politiske organ, men framleis må lagtinga ha vore ein viktig kanal for kommunikasjon mellom kongen og folket. Lagtinget som forhandlingsorgan mellom styresmaktene og samfunnet vart så på ny viktig ved omskipinga av lokalforvaltninga på 1500-talet, særleg i dei eldste lagdøma, Frostating og Gulating, der det då vart gitt verkelege lover, som rettarbøter og recessar.

 

Etter reformasjonen vart politiske forsamlingar utanfor offentleg regi mindre ønskte og med eineveldet fullstendig forbodne. Rettssystemet vart sentralisert og fekk ei strammare organisering. Den gamle ordninga med tinget som avsa forliksdomar mellom bygdefolk, måtte vike for statlege domstolar. Lagtinga som stemme for lokale interesser hadde no mist denne rolla. I staden tok ein stadig mektigare stat ei sterkare hand om styringa også på lokalt nivå.

 

Kjelder

Knut Helle: Gulatinget og Gulatingslova. Leikanger 2001

Hans Eyvind Næss: Fiat justitia! Lagmennene i Norge 1607‒1797. bd. 42 av Riksarkivaren. skriftserie. Oslo 2014

Jens Arup Seip: Lagmann og lagting i senmiddelalderen og det 16de århundre, bd. 3 av Skrifter utgitt av Det norske videnskaps-akademi. Oslo 1934. Tilgjengeleg på nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2015061808057 [lesedato 17.1.2018]

 

Peikarar

Historisk leksikon: «Lagdømme», lokalhistoriewiki.no 

Historisk leksikon: «Lagting», lokalhistoriewiki.no 

Ole-Albert Rønning: «Magnus Lagabøtes landslov», norgeshistorie.no

Først publisert: 16.04.2018
Sist oppdatert: 10.08.2018