Hopp til innhold
Statue av Leiv Eiriksson i Boston i USA. Fotografert av Severin Worm-Petersen ca. 1900–1920. Eigar: Norsk Teknisk Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NTM UWP 24040. CC BY 4.0.
Statue av Leiv Eiriksson i Boston i USA. Fotografert av Severin Worm-Petersen ca. 1900–1920. Eigar: Norsk Teknisk Museum. Kjelde: digitaltmuseum.no. Inventarnr.: NTM UWP 24040. CC BY 4.0.
X
Innhald

Leiv Eiriksson

Leiv Eiriksson, Leifr Eiríksson, den hepne, døydde før 1025.

Han var son til den norsk-fødde Eirik Raude, som voks opp på Brattalid på Grønland. Eirik Raudes saga seier at Leiv Eiriksson drog til Noreg i 999, vart hirdmann hos Olav Tryggvason og døypt av han. Leiv Eiriksson sigla vestover år 1000 og skal ha kome til Amerika eller Vinland. Frå 1964 er 9. oktober offentleg amerikansk minnedag for denne ferda. Leiv Eiriksson døydde på Grønland.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2017
Sist oppdatert: 10.10.2019