Notabelmøtet
Notabelmøtet eller stormannsmøtet på Eidsvoll 16. februar 1814 var ei forsamling av 21 leiande embetsmenn og næringsdrivande på Austlandet, kalla saman av prins Christian Frederik. På møtet vart det vedteke at ei riksforsamling skulle kallast inn for å gi landet ei grunnlov.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 05.04.2017