Hopp til innhold
X
Innhald

Øreting

Øreting var namnet på det gamle fylkestinget for dei åtte fylka til trønderane innanfor Agdenes.

Det var eit allting. Etter opprettinga av Frostatingslag kom Øreting i skuggen som lovstiftande ting, men heldt og styrkte posisjonen som hyllingsting for nye kongar og kongsemne.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.03.2017
Sist oppdatert: 13.03.2017