Hopp til innhold
X
Innhald

Peder Anker

Peder Anker, 1749–1824, var godseigar, eidsvollsmann og statsminister.

Peder Anker var son av justisråden og kjøpmannen Christian Anker og bror av handelsmannen Bernt Anker. Han var gift med Anna Elisabeth Cold og vart svigerfar til statthaldar grev Herman Wedel-Jarlsberg då dottera Karen gifta seg med han. Peder Anker var eigar av Bærums jernverk og godset under Bogstad gard, som innebar størstedelen av Nordmarka. Han vart adla i 1778 og gjord til riddar i 1809, seinare kommandør, og i 1812 kommandør med storkors av Dannebrog. I 1815 vart han så gjord til riddar av den svenske Serafimerordenen og i 1822 til riddar av Karl XIIIs orden.

Peder Anker byrja sitt offentlege virke som generalkrigskommissær i 1788. Året etter vart han generalvegintendant, leiar for vegnettet. Han gjekk i bresjen for å byggje ut større ferdselsårer i Sør-Noreg, mellom anna hovudvegane til Vestlandet og til Svinesund, og slik vart han avgjerande for utbygginga av det norske vegnettet.

På det såkalla notabelmøtet i februar 1814 var Peder Anker med. Her vart linja for det norske sjølvstendearbeidet lagd, i samråd med statthaldar Kristian Fredrik. Til rikssamlinga på Eidsvoll vart Anker vald som første utsending for Akershus amt. Her slutta han opp om svigersonen, som leidde unionspartiet, dei som ønskte politisk fellesskap med Sverige. Anker tala lite ved møta, men vart likevel utpeika som den første presidenten for forsamlinga. Han var òg vert for rikssamlinga, sidan eigaren av Eidsvollsbygningen, fetteren Carsten Anker, var utsend til London.

Peder Anker vart ikkje vald til det første ekstraordinære Stortinget, men vart utnemnd til Noregs første statsminister i november 1814, ei stilling han heldt til 1822. Han var likevel ikkje førande i det norske statsrådet, men var særleg vellukka som meklar mellom kongen og finansministeren, som var svigersonen Wedel-Jarlsberg.

Anker tente store pengar i dei gode økonomiske tidene for jernverk og trelasthandel på slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet, som fleire andre kjøpmenn i Kristiania. Derimot fekk han store problem då Danmark-Noreg gjekk inn i Napoleonskrigane, og ein britisk sjøblokade hindra utføringa av handelsvarer frå 1807. I jernverka og på godseigedomane sine gjennomførte han omfattande tekniske utbetringar, under oppsyn av utanlandske fagekspertar, mellom anna bygginga av kjerraten, ei mekanisk fraktordning for tømmer.

Peder Anker døydde på Bogstad i 1824. Godset gjekk så i arv til dottera Karen og Herman Wedel-Jarlsberg.

Kjelder

Bård Frydenlund: Stormannen Peder Anker: en biografi. Oslo 2009

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019