Hopp til innhold
X
Innhald

Prestebordsgods

Prestebordsgods eller mensalgods, frå latin mensa, som tyder bord, var namnet på den delen av det lokalkyrkjelege jordegodset som i mellomalderen vart oppretta for å underhalde sokneprestar i Noreg. I reformasjonen var prestebordsgods dryge 10 prosent av all jordeigedom i landet, og dette var så godt som uendra fram til ca. 1800.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2017
Sist oppdatert: 05.04.2017