Ribbungane
Ribbungane kjem frå eit norrønt ord for røvar og var namnet på eit norsk opprørsparti som vart stifta i 1219 av Gudolv frå Blakstad i Asker. Sigurd Ribbung, son av Erling Steinvegg, var kongsemnet i flokken. Opprøret var eit austlandsfenomen. Det vart endeleg slått ned i 1227.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 05.04.2017