Hopp til innhold
X
Innhald

Riksrådskonstitusjonalisme

Riksrådskonstitusjonalisme er namnet på statsforma i Noreg i perioden 1449–1536. Kjenneteiknet på denne statsforma var at riksrådet kravde at tronfølgjar eller kongsemne måtte stadfestast av ein handfestning før kongeval kom på tale. Riksrådskonstitusjonalisme vart innført i samband med at Christian 1. kom på trona. Ordninga fall bort i Noreg med avskaffinga av riksrådet og det formelle sjølvstendet til Noreg i 1536, men heldt fram i Danmark til eineveldet vart innført i 1660, jamfør Krummedike og unionstraktaten av 1450. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2017
Sist oppdatert: 05.04.2017