Hopp til innhold
X
Innhald

Rossteneste

Rossteneste var teneste til hest i full rustning

Det var ei hovudplikt for den danske adelen fram til innføringa av eineveldet i 1660. I ca. 1600 vart tenesta gjort om til ein skatt brukt til å verve framande ryttarar. I Noreg vart dei tenestepliktige aldri personleg kommanderte ut i teneste, men fleire gonger takserte og skattlagde for rossteneste. Lensherrane på Akershus og Båhus var pliktige til å stille ryttarar også i fredstid.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2017
Sist oppdatert: 05.04.2017