Hopp til innhold
X
Innhald

Setegard

Setegard, namn på hovudgardar for adelsmenn i Danmark, Noreg og Sverige.

I løpet av seinmellomalderen oppnådde adelen fritak for skatt- og tenesteyting for desse gardane. I ei rettarbot frå 1358‒1360 vart adelsmenn pålagde ha slike bruk, som då vart kalla hofgardh. Samanlikna med Sverige og Danmark var det få setegardar i Noreg før reformasjonen, men talet voks etter kvart som adelen styrkte seg som stand i andre halvdelen av 1500-talet.

Det var ikkje uvanleg at ein adelsmann kunne ha fleire hovudgardar. Dette vart det til gjengjeld slutt på etter ei lov i 1639, då ein setegard vart sett som det som hadde vore den fremste buplassen til nokon dei siste førti åra. Samtidig rekna rikskanslar Jens Bjelke talet på setegardar i Noreg til 100, og om lag halvparten låg kring Oslofjorden.

Skattefritak for setegardane vart avskaffa med adelslova i 1821. Då var det kring 25 norske setegardar igjen. Kjende norske setegardar er mellom andre Austrått på Ørland, Borregård i Sarpsborg, Brunla i Larvik og Seim i Kvinnherad.

Først publisert: 27.02.2017
Sist oppdatert: 27.02.2017